Sport | 27. mai 2011

Klar for toppmøte

Laurdag kl 16: Frank Hellevik og Fyllingen er klare til å ta imot Øyvind Steffensen og Os.

Klar for toppmøte
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 27. mai 2011 11:12

Fyllingen og Os har begge fått ein god start på sesongen. Fyllingen toppar tabellen med 15 poeng etter 6 rundar, Os ligg på 5 plass 3 poeng bak.

– Dette blir ein toppkamp, og det blir ein underhaldande kamp med mykje teknisk god fotball, spår Frank Hellevik.

Speleselskapet Betsafe har 1,45 i odds på Fyllingen-siger, 3,9 på Os og 5,75 på uavgjort.

– Fyllingen har med unntak av av arbeidsuhellet mot Kopervik vore bunnsolide og er veldig sterke på heimebane. Os må levera på sitt maksimale, og i tillegg ha litt marginer med seg for å få noko med heim frå denne kampen, trur oddssetjar Bjarthe Westerheim frå Betsafe.com.

– Dette var overraskande. Eg trur det er heilt ope kva utfallet blir. Eg ser at Os held fram i den gode stilen frå i haust, og med det gode arbeidet med unge spelarar, det er veldig kjekt, synes Hellevik.

Tre toppkampar på rad

Steffensen seier Fyllingen-kampen er ein spelarane har kryssa av i almanakken for lenge sidan.

– Det har alltid vore spesielt å møta Fyllingen, og kanskje spesielt i år, med gamletrenaren på motsett side.

– Bortsett frå den svake kampen mot Øystese er vi der vi skal vera, Fyllingen-kampen og dei to neste, mot Staal og Åkra, blir viktige for oss for å henga med i toppen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.