Kultur | 05. aug. 2016

Klare for meir fest

Både Solsiden og Catten/Orion står klare til å gje Osfestpublikummet meir fest etter at festivalområdet stengjer.

Klare for meir fest
Både Solsiden og Catten/Orion riggar seg til med uteservering (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 05. aug. 2016 13:02

Begge nattklubbane i Os riggar seg for å ta imot festglade Osfestpublikummarar med telt utandørs og artistar innandørs.

– Vi har inngått eit samarbeid med Orion i 1. etasje som vil stå for maten, medan vi sørgjer for resten ein har lyst på, fortel Bjarte Andersen på Catten.

På uteserveringa vil det vera lett bakgrunnsmusikk og moglegheit for både få seg ein matbit frå Orion og noko i glasset.

– Orion stenger restauranten sin, men sel frå døra. Ein kan anten ta med seg maten opp på Catten fram til klokka 23 eller eta den i teltet heile natta.

– Inne blir det levande musikk med Carl Testa i loungen og DJ Freddy på fredagen og DJ Setvik på laurdagen, fortel Andersen.

Det offisielle nachspielet

Konkurrenten Solsiden i Hamnevegen er ikkje dårlegare på det.

– Vi står for det offisielle nachspielet til Osfest, men hos oss treng ein verken billett eller festivalpass.

– Pioanoman Jon Asher og Miss Molly vil stå for musikken, medan Havnechefen tek seg av nattmaten. Som i fjor har vi også i år utvida med telt på parkeringa framfor Solsiden, fortel Tore Andre Sagstad, hos Solsiden.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.