Klare for NM i ny divisjon
Os Musikkforening inviterer til den etterkvart så tradisjonsrike "Før NM-konserten" før dei neste helg debuterer i 2. divisjon.
Noregsmesterskap for janitsjarkorps, som kvart år vert arrangert i Trondheim, er det største korpsarrangementet i landet. Her møtest vaksenkorps frå heile landet. Dette skjer årleg i helga før palmehelga, som altså i år vert 31.mars – 1. april.
– Det er så mange som 120 korps som drar til bartebyen for å spele og høyre på kvarandre, fortel musikkforeningen i ei pressemelding.
Tradisjonsrik generalprøve
Som ei generalprøve til dette, inviterer Os Musikkforening til konsert i Oseanasalen førstkomande tysdag kveld.
– I år som i fjor får vi besøk av gode musikkvener i Skjold Nesttun Janitsjar og Alvøens Musikkforening. Nytt av året er at også Os skulekorps skal vere med på konserten. Vi vaksne har øvd godt i mange veker på NM-musikkstykka, og dette blir god konserttrening for korpsa før turen går til Trondheim berre få dagar etter.
– Os skulekorps har tidlegare i vinter gjort unna konkurransen Hordablæsten med særs godt resultat! På konserten tysdag får vi høyra programmet dei brukte der. Det er flott musikk og vi gler oss.
Rykte opp
I Trondheim vert det tevla i åtte divisjonar. Alvøens Musikkforening vann 2.divisjon i fjor og er derfor som Skjold Nesttun Janitsjar i 1.divisjon i år. Begge korpsa vert leia av dirigent Bengt Florvåg. Os Musikkforening blei nr. 2 i 3. divisjon i fjor og rykka med det opp til 2.divisjon.
– Det blir spennande å kjenna på nivået der. Os Musikkforening vert leia av Magnus Brandseth.
– Det blir stas å spela NM-programmet vårt i Oseanasalen og vi gler oss stort til å høyra spennande korpsmusikk frå gjestene våre på tysdagskvelden, og så gler vi oss kanskje like mykje til ei spennande helg i Trondheim! Kom og høyr, det vert ein flott konsert, forsikrar musikkforeningen.