Sport | 23. sep. 2015

Klart for kulerulling

Etter nesten to månadar med bygging er det duka for snooker og biljard i nytt lokale.

Klart for kulerulling
Reidar Rundsveen og Hans Olav Sundøy har saman med nokre andre medlemmar hatt travle dagar frå 3. august. No er salongen klar. (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 23. sep. 2015 06:29

Bildeserie:

Her kjem kjøkken og opphaldsrom. (foto: KVB)
Her kjem kjøkken og opphaldsrom. (foto: KVB)
Toalett og dusj er slått saman til ein liten garderobe. (foto: KVB)
Toalett og dusj er slått saman til ein liten garderobe. (foto: KVB)
Her sto eit lite kjøkken, no blir det toalett. (foto: KVB)
Her sto eit lite kjøkken, no blir det toalett. (foto: KVB)
I andre etasje kjem to biljardbord. (foto: KVB)
I andre etasje kjem to biljardbord. (foto: KVB)
Taket er seinka for betre lys, lyd og stemning. (foto: KVB)
Taket er seinka for betre lys, lyd og stemning. (foto: KVB)
To biljardbord er på plass i første etasje. (foto: KVB)
To biljardbord er på plass i første etasje. (foto: KVB)
Eitt snookerbord ventar på selskap av nye frå Kina. (foto: KVB)
Eitt snookerbord ventar på selskap av nye frå Kina. (foto: KVB)
1 av 7

Noregs eldste biljardklubb kasta ikkje inn handkledet då dei nye eigarane av biljard- og sportsbaren måtte gje opp.

Les òg: Her opnar snooker- og biljardsalong

– Det blei mykje jobb, men vi har hatt gode hjelparar. Det har vore ti medlemmar i sving, med ei hard kjerne på rundt fem, og no har vi fått det sånn vi ønskte, seier Reidar Rundsveen og Hans Olav Sundøy.

På baksida av Ulvenparken ved Svegatjørn har dei no fått 300 kvadratmeter å boltra seg på.

Dugnadsinnsatsen har vore omfattande, frå seinking av tak til bygging av nye veggar, legging av golv og oppussing av to toalett og garderobar.

– Alt er ikkje heilt ferdig, vi skal blant anna bygga kjøkken, men nokre av borda er klare og både salongen og toaletta er ferdige.

Vil arrangera noregscup neste år

Med fire biljardbord og fire flett nye snookerbord ligg alt til rette for både rekruttering, trening og noregscup i Os.

– Førebels har vi to biljardbord og eitt snookerbord, eit bord som seinare skal seljast. Det er nemleg fire nye snookerbord på veg frå fabrikk i Kina, i tillegg til yttarlegare to biljardbord som skal på plass.

– Snookerborda blei rundt 20.000 kroner dyrare enn i april, grunna valutaendringar og høgare dollarkurs. Men vi tenkte vi skulle høyra med Søviknes om han kunne dekka dette via valutakompensasjonsfondet til Os kommune. Eg reknar med dei har eit slikt, seier Sundøy og ler.

Medlemmane har spytta i og biljardforbundet har kome med rentefritt lån til dei nye borda. Rundt 300.000 kroner har gått med for å få lokala klare og utstyr på plass til å driva den 31 år gamle klubben vidare.

– Vi får vi ein standard som gjer at vi kan husa noregscup. Eg reknar med at kjem til å halda to noregscuprundar i snooker og kanskje ein på biljard neste år.

Utan opningstider

Klubben startar varsamt med opning torsdag eller fredag. Alle medlemmane har eigen nøkkel og klubben blir utan faste opningstider.

– Vi skal ha ope hus når alle borda er på plass, men interesserte kan koma innom på ettermiddag og kveld og sjå om det er folk her. Frå klokka 17 til 22 blir det nok stort sett nokon å treffa.

Eldsjelene håper på å nå rundt 20 aktive medlemmar før sommaren 2016, men seier det er ope for pay & play, at folk kan koma innom og betala for å spela den dagen dei speler.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.