Sport | 26. juli 2011

- Klarte målsettinga

Andreplass i noregcupen gav NM-plass. - Eg er nøgd, smiler Solveig Helgesen.

- Klarte målsettinga
Andris Hamretirsdag 26. juli 2011 12:44

Heime på ferie frå studiar og golfspel i USA nyttar Solveig Helgesen tida til å konkurrere og finpusse formen. I helga spelte ho med dei beste i landet i noregscupen på Borre Golfklubb.

Etter å ha leia etter første dagen, måtte ho sjå seg slått med to slag då scoren blei gjort opp sundag.

- Eg er nøgd og spelte bra, sjølv om det ikkje blei siger til slutt, seier Helgesen.

- Målsettinga mi var å kvalifisere meg til NM og det klarte eg, smiler ho.

Litt vanskeleg å fokusere

Laurdagens runde blei ei spesiell oppleving for det unge golftalentet.

- Det var litt vanskeleg å fokusera på golf etter det som hadde skjedd på fredagen.

Då hjalp det heller ikkje at vêret varta opp med kraftige regnbyger innimellom opphaldsvêret.

- Heldigvis hadde eg pappa som støtte og til å halde paraplyane over oss og til å tørke golfkøllene for meg.

Slo ikkje ballen bra

Helgensen er nøgd med å gå dei to rundene på 75 slag kvar av dagane.

- Eg berga ein god score sjølv om eg ikkje slo ballen særleg bra, fortel ho.

- Kor i spelet er det du er misnøgd med slaga dine?

- Det var spesielt inn mot greenen. Ballen gjekk ikkje dit eg ville, så eg måtte stadig redde meg inn, fortel talentet om opplevinga som dei fleste golfspelarar med litt høgre handicap opplev som normalsituasjonen.

Alex på 11. plass

I Noregscupen deltok òg tre av dei mannlege spelarane frå Bjørnefjorden golfklubb.

Alexander Heggland enda på delt 11. plass med +11 slag (76 og 79 slag per runde).

Anders og Gjermund Engelsen hamna båe på 16 fleire slag enn vinnaren.

Trening fram mot NM

4.-7. august spelar Helgesen NM på Bjaavann golfklubb i Kristiansand.

- Eg håpar på ei god treningsperiode no fram mot NM, så eg får luka ut dei dårlege slaga.

Målsettinga i NM fortel ho er å kome blant dei fem beste.

Til NM reiser ho saman med Thomas Alvsaker Lothe, Anders Engelsen og Alexander Heggland. Cecilie Langeland Olsen har valgt å prioritera junior-NM til helga på Miklagard golfklubb.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.