Fotball | 08. mai 2022

Klatra til 2. plass på tabellen

Vann 3-0 på ein dårleg dag.

Klatra til 2. plass på tabellen
Håkon Botn Brautaset skåra 2-0 og var servitør på 3-0. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 08. mai 2022 09:55

Førre helg vann Lysekloster 1-4 borte over eit Haugesund 2 med seks spelarar frå A-stallen.

I går fekk dei tøff motstand heime av botnlaget Stord, men vann likevel komfortabelt.

Lysekloster - Stord 3-0 (1-0)
Målskårarar: Christian Dahl, Håkon Botn Brautaset og Ole Kallevåg.
Tropp og kampfakta på fotball.no

Kallevåg, som skåra 10 mål på 24 kampar for Stord i 2019, var nær to skåringar på tidlegare lagkameratar.

– Eg burde skåra på den siste òg. Men det var kjekt å spela mot Stord, det er stort sett dei same som var der i 2019, og kjekt for vår del, med siger på ein litt tung dag, seier Ole etter kamp.

Bildeserie:

Brautaset auka til 2-0 i 51. minutt. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Dahl, som sette inn 1-0 i første omgang, fekk det trongt, men klarte å sentra vidare. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Der var Brautaset igjen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Denne gong fekk Kallevåg siste touch på ballen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Kallevåg og Dahl letta og glad over 3-0-leiing. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

For Stord gav aldri opp. Her hadde Melnicenko ein kjemperedning. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Dagens publikum var ikkje den heilt store flokken. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Lloyd Fagerlie kom frå Molde 2 (3. div) til Lysekloster dagen før vindauget stengte. I går fekk han sin fjerde kamp. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Saman med Baisotti var han farleg frampå. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Lysekloster-forsvaret fekk aldri pause. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Kallevåg fekk eit siste forsøk, men skotet blei ikkje godt nok. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

1 av 11

– Eg var skuffa etter første omgang. Det har fleire gongar vist seg at vi slit når motstander prøver å dra ned tempo. Det kom seg heldigvis i andre omgang, men dette var eit steg ned i forhold til Haugesund-kampen, seier Lysekloster-trenar Ruben Hetlevik.

– Samtidig er det kjekt at vi held nullen, skaper sjansar og skårer mål på dagar der vi ikkje leverer optimalt. Måla kjem også på angrep vi øver på i trening, og eg føler meg trygg på at det vil koma stadig fleire sånne mål når den unge stallen får spelt seg endå meir inn.

Lysekloster står no med 3 sigrar, 1 uavgjort og 1 tap etter 5 rundar.

Dei klatra med gårsdagens siger til 2. plass på tabellen, men kan bli forbigått av Viking 2 som speler sin femterunde mot Djerv 1919 i dag.

Brann 2 er einaste som ikkje har tapt til no.

Neste kamp for Lysekloster er derby på motsett side av Fanafjellet, mot Bjarg, laurdag.

Tabell og terminliste på fotball.no

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.