Næringsliv | 26. mars 2010

Kler du brillene dine?

Det viktigaste med brillene er at dei får deg til å sjå betre, men anten du brukar vanlege briller eller solbriller vi du sikkert også at dei skal passa deg og din stil.

Kler du brillene dine?
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 26. mars 2010 07:40

Bildeserie:

1 av 3

- Vi har klede og sko til forskjellig bruk, men mange har berre eitt par briller. Ikkje er det sikkert at akkurat dei brillene er dei som passar typen eller forma på ansiktet best heller, seier Randi Larsen hos Interoptik Bakketeig.

Ho er saman med Tracy Lyssand Bakketeigs første brillestylist, etter at dei to i vinter var på kurs saman.

I harmoni
Larsen fortel at ho av og til får høyra av kundar at dei ikkje kler briller. Det meiner ho er feil, med god hjelp skal alle ifølgje brillestylisten finna noko som passar.

- Vi ser på forma på ansiktet, fargane, kleda og den personlege stilen til kunden. Ut frå enkelte reglar finn vi då ein type briller som harmonerer.

Smak og fasit
Sjølv om Randi og Tracy har lært mykje på kursa for å bli brillestylist, har dei gjort mykje rett også før dei fekk papir på kva dei kan.

- Vi har gjort mykje rett, utan å veta kvifor. No er vi flinkare til å setja ord på det, og har fått nokre gode retningslinjer å følgja.

- Og vi har alltid lytta til kunden, noko vi kjem til å halda fra med, legg Randi til.

Vi fekk den nyutdanna brillestylisten til å demonstrera kva ho har lært:




Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.