- 10. mars 2015

Klipte navlesnora

Måndag kunne Os Nærjordmorsenter sjå dagens lys. Det blei talar, kake og klipping av snor, som passande nok var ei heimestrikka «navlesnor».

Wenche Førde fekk klippa navlesnora då Os Nærjordmorsenter blei offisielt opna. (Foto: KML)
Kari M. Lyssandtirsdag 10. mars 2015 07:46

Bildeserie:

Dei nye lokala til Os Nærjordmorsenter. (Foto: KML)
Jordmor Gry Albriktsen, leiar for Forebyggande Helsetenester Marita Wallevik og jordmor Janne Skromme. (Foto: KML)
Ordføraren overrakte blomar på vegne av Os kommune. (Foto: KML)
Klinikkdirektør Ingrid Johanne Garnes hadde med gåve til Gry og dei andre på Os Nærjordmorsenter. (Foto: KML)

1 av 8

Det var god stemning i dei tidlegare lokala til Os legesenter då Os Nærjordmorsenter opna dørene for første gong, måndag 9. mars.

Det kom gratulasjonar frå blant anna ordførar Terje Søviknes og klinikkdirektør på Kvinneklinikken, jordmor Ingrid Johanne Garnes.

– Det er mange som vil ha glede av dette tilbodet, det er viktig at vi tar imot våre nye osingar på best mogleg måte, sa ordføraren i sin tale.

Eit samarbeidsprosjekt

Nærjordmorsenteret er eit samarbeidsprosjekt mellom Os kommune, Helse Bergen og Kvinneklinikken.

– Dette er eit prosjekt som Helse Bergen satsar mykje på, det er eit positivt prosjekt som handlar om å forebygga, fortel Garnes.

– På vegne av Kvinneklinikken vil eg seia at det er kjempespennande å vera i samarbeid med kommunen og vi håper på gode erfaringar med Os.

– Dette prosjektet vil kontinuerleg evaluerast, og andre stadar i landet er dei no intressert i kva vi gjer her på Vestlandet.

Les òg: Opnar Nærjordmorsenter

Ei symbolsk snor

Helsesøster Dagmar Hilde hadde strikka ei veldig passande snor som skulle klippast, ei symbolsk navlesnor. Æra med å klippa snora fekk Wenche Førde, opphavskvinna til det første Nærjordmorsenteret som starta på Askøy i 2013. Senteret blei lagt ned etter åtte månader, men er no oppe og går igjen.

– Eg blei veldig lykkeleg og glad då Gry Albriktsen kontakta meg og ville starta eit nærjordmorsenter i Os. Eg gav ho all informasjonen eg sit på frå då eg starta opp.

Grunnen til at Førde byrja å tenkja på å starta opp eit nærjordmorsenter var eit hol på 7-10 dagar frå mor og barn kom frå Kvinneklinikken til dei blei registrert i heimkommunen.

– Det holet ville eg tetta.

Fjell, Sund og Øygarden kommune har eit liknande prosjekt kalla JordmorHeim, men utanom det så er Os og Askøy dei einaste i Noreg med eit eige Nærjordmorsenter.

Ope kvar dag

Leiar av Forebyggande helsetenester, Marita Wallevik, fortel at det har vore mykje arbeid sidan dei i februar fekk klarsignal til å ta i bruk lokalet i 2. høgda på rådhuset.

– Vi har pussa opp ein del og no ventar vi berre på møblar til venterommet.

– Arbeidet har gått veldig fint og frå i dag av held vi ope kvar dag.

Nærjordmorsenteret har to jordmødre, Gry Albriktsen og Janne Skromme, og vil kunna tilby barseloppfølging for osingar som kjem heim innan 48 timar etter fødsel. I tillegg vil dei ha oppfølging av gravide, fødsels- og ammeførebuande kurs.

Oppfølginga inneber mellom anna observasjon av mor og barn, nyfødtscreening («Føllingsprøve»), høyretest, vektkontroll og moglegheit for å sjekke for gulsot.

– Håper mange tar det i bruk

Varaordførar Marie Lunde Bruarøy, som var med på opninga, fortel at ho sakna eit slikt tilbod då ho fekk yngstejenta for 2,5 år sidan.

– Det er bra at foreldre slepp å reisa heilt til by'n. Dette gjer det gjerne enklare å gå på kontroll.

– Eg hadde nytta meg av dette tilbodet om det hadde eksistert då eg fekk born.

– I dag er eg stolt over at vi i dag har fått det andre nærjordmorsenteret i landet, og eg håper mange tar det i bruk, seier varaordføraren.

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • For heile familien (6 pers)
  • Utan bindingstid
  • Berre 30 kr per veke
Teikna abonnement

Abonnementet blir fornya kvar 4. veke for kr 120 per månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.