Lokal | 11. juni 2010

Kloakk i vågen

Denne veka blei Søvikvågen skilta som «mindre egnet badevatn». Står arrangementet «Ta Sjansen» i fare for å bli avlyst?

Kloakk i vågen
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 11. juni 2010 10:30

Ifølgje ein Midtsiden-lesar kom det i går opp eit skilt som seier at badevatnet i Søvikvågen er mindre eigna. Kvifor? Og kor tid blir vatnet reint igjen?

- Tysdag ettermiddag fekk vi melding om at det flaut med kloakk i vågen. Ein tett avlaupsledning var årsaka, fortel Finn Harald Eliassen frå teknisk avdeling i Os kommune.

Kloakken rann då ut på 2-3 meters djup i staden for på utsida av vågen.

Spylte seg nesten ferdig
I går var ein spylebil frå vassverket på plass for å opna det tette røret.

- Dei fekkspylt så mykje at det no renn vatn gjennom, men kom seg berre 100 meter ut før dei gjekk tom for vatn i tanken.

I dag skal spylebilen ha vore tilbake for å spyla resten av den 300 meter lange leidningen rein.

«Ta Sjansen» neste helg
Om ei veke skal det populære arrangementet «Ta Sjansen», med over 100 ungar i sving med gummibåtar og heimelaga fartøy ned rutsjebane, bli halde i denne vågen.

- Eg veit ikkje kor lang tid det kjem til å ta før vatnet i Søvikvågen er reint igjen, men vi kjem til å ta vassprøvar over helga, seier Eliassen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.