Sport | 07. okt. 2012

Knall-opning i VM

... men Markus Slettebakken blei litt for svolten på medalje i siste og avgjerande heat.

Knall-opning i VM
Markus Slettebakken i aksjon i ein tidlegare meisterskap. (Arkivbilde/privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 07. okt. 2012 10:00

I fjor blei det bronse i amatørklassen i VM i Lake Havasu nær Las Vegas, i helga var osingen Markus Slettebakken nær plass på pallen i pro-klassen på same innsjø.

Les òg: To VM-medaljar til Markus!

– I år blei det 5. plass i første heat og ein kollisjon med ein annan nordmann i andre heat. Det resulterte i 15. plass iandre heat og 9. plass totalt, fortel pappa Tor Slettebakken på telefon frå USA.

– Men i pro-klassen gjekk det mykje betre, i alle fall i starten.

Markus vann første kvalifiseringsheat med ein halv runde og då startskotet til første teljande heat kom var det fire nordmenn på dei fire første plassane.

Uheldig forbikjøring

– Det blei 3. plass på Markus i første heat. I andre heat var han klar på å gje alt, formen var god nok for gull. Men i ei forbikjøring gjekk det gale og Markus ramla av vassjeten og måtte symja rundt 40 meter for å koma oppå den igjen.

Markus kjørte seg opp frå 16. og sisteplass til 11. plass i andre heat, noko som resulterte i ein 7. plass samla sett.

Norsk verdsmeister

Om det blei stang-ut for Markus kan han gleda seg over nok ein norsk VM-suksess. I fjor var det trenaren Ronn Mangerud som vann, i år stakk landslagskameraten Stian Schjetlein av med førsteplassen og verdsmeistertittelen.

– Amerikanarane og dei andre utlendingane undrar seg veldig over at vi i kalde nord kjører så godt, seier Slettebakken senior før gutta pakkar saman for ein dag i Vegas før heimreise.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.