Knuste seg inn
... men tok ingenting.


Fredag morgon fekk ein av dei tilsette i S. Tvedt si jernvareavdeling seg ei overrasking.
- Ein vegg med knivar låg inn i butikken, fortel innehavar Tove Tvedt Skarstein.
Nokon hadde tatt seg inn i rådhuset og vidare knust opp ei dør inn til butikken hennar.
- Denne døra er ikkje i bruk, derfor hadde vi innreiing framfor døra. Knivstativet som sto her var velta og knivane låg utover golvet.
- Men det såg ikkje ut som om dei hadde fått med seg noko, seier Tove.
Då Midtsiden.no snakka med politiet laurdag morgon, sa dei at det heller ikkje var teikn til at dei hadde tatt seg inn på nokre kontor på Os Rådhus.
- Dei har truleg blitt uroa medan dei heldt på, trur politiet.