Kø på Halhjem - utforkøyring på Grindevoll
Fleire har problem i trafikken etter at det byrja å snø laurdag.
Laurdag snudde vêret frå kuling og regn til stille vintervêr med snøbyger.
Det skapte julestemning i handlegatene, men vanskelege køyreforhold på vegane.
• Har du informasjon eller bilde? tips@midtsiden.no / vakttelefon 97975200
Litt før klokka 16 hamna ein bil i grøfta på Lepsøyvegen mellom Grindevoll og Storum.
I 17-tida meldte politiet om problem på E39 Halhjemsvegen i bakken opp frå ferjekaien retning nord.
– Lastebilen som hadde problem har kome seg vidare, men fleire personbilar slit med å koma seg opp. Vi er på staden for å hjelpa til, skriv Vest politidistrikt på Twitter.
• I skrivande stund ser det ut som om trafikken går sakte både til og frå ferjekaien på Halhjem.
• Ifølgje Google Maps si trafikkovervaking ser det òg ut til å gå seint opp Fanafjellet og Vallaheiane.
• Facebook-gruppa «Trafikkmeldinger Fanafjell» melder om god brøyting, men likevel glatte vegar.