Lokal | 15. okt. 2014

Kok vatnet!

Får du vatn frå Os vassbehandlingsanlegg ber kommunen deg koka vatnet inntil vidare.

Kok vatnet!
Os vassverk har problem med reinsinga (arkivfoto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 15. okt. 2014 06:31

Natt til onsdag sendte Os kommune ut kokevarsel til alle som får vatn frå Os vassbehandlingsanlegg. Via sms, automatisk oppringing, twitter, facebook og den kommunale heimesida kom meldinga:

«Grunna problem med tilførsel av råvatn inn på Os Vassbehandlingsanlegg er vi naudsynt å senda ut kokevarsel. Alt vatn som skal konsumerast må kokas først. vatnet kan og væra brunt i perioder. Dette gjeld alle abonnentar som får vatn frå Os Vassbehandlingsanlegg. Abonnentar som får vatn frå Søvik vassbehandling er ikkje råka. Vi beklagar dei ulemper dette måtte medføre. Ny melding gis når vatnet er trygt å bruke.»

– Vi har sendt ut kokevarselet på grunn av problem med å få nok vatn (lite vatntrykk) inn på anlegget.

– Dette må vi ha for at rensefiltra skal fungera.

– Vi blei difor nøydd til å kobla ut filtra, noko som tyder at vi har mindre renseeffekt, forklarar teknisk sjef Marianne Kramer.

Årsaka til problema er truleg tilførselledningen frå vasskilda. Kommunen jobbar med å løyse problemet onsdag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.