Kokken Arthur tilbake til Os - 20 år etter
Han figurerte på TV2 og i NM. Så flytta han til heimbygda og etablerte restaurant i ei nesten 300 år gamal rønne.
Bildeserie:
Arthur Fjetland er gjestekokk hos Havnechefen førstkomande laurdag. Då skal han koka side om side med ein kamerat han lagde konfirmasjonsmiddag til på slutten av 80-talet.
– Eg synest det er veldig spennande at Frank har byrja å koka, det blir spesielt å stå på kjøkkenet saman! seier Arthur om kokken Bruarøy på Havnechefen.
– No tar eg med meg gode råvarer frå Hardanger, kalv og sjølvfiska uer og sjøkreps, så skal vi saman by på nokre av favorittrettane våre.
– Arthur har vore ei av mine store inspirasjonskjelder - og han lagde den første hummarsuppa eg smakte. Lista låg høgt då eg sjølv skulle byrja å prøva meg på kjøkkenet, seier Frank.
Starta karriera si frå Os
Arthur er frå Eidfjord, men flytta heimefrå som 17-åring for å bli kokkelærling på Suitell Edvard Grieg.
– Eg budde på annekset til Solstrand mens eg var lærling på Sandsli. I periodar jobba eg på Vic & Victoria i Buggegården i Os sentrum.
Han stifta familie på Os, men flytta seinare til Bergen. Så bygde han opp restauranten Stallmestergaarden på Moldegård, som han dreiv i seks år, før turen gjekk vidare til Austlandet og seinare til Sotra. Det er over 20 år sidan.
Kokken Arthur kokte for Kjersti Bergesen i fjøresteinene i programmet «Tid for mat» på TV2, to gongar. På 90-talet var han den andre kokken frå Bergen som deltok i NM, og han har hatt fleire celebre kundar.
Fleire av dei har han halde på etter at han flytta tilbake til heimbygda Eidfjord.
Restaurerte ei rønne langs riksvegen
Riksvegen 10 er adressa på ein av dei eldste bygningane i Eidfjord, i utgangspunktet ei falleferdig rønne kliss i Rv 7, ved entreen til Eidfjord når du er på veg mot Hardangervidda.
– Den var falleferdig, men eg såg potensieale og hadde sjanse til å investera litt. Om eg rekna med ungane sine sparekontoar, seier han spøkefullt.
– Eg har framleis kontakt med ein del folk i Os, både venar og kundar, og hyttefolk som svinger innom her for å eta eller ta med eit godt måltid til fjells.
Den gamle rønna blei totalrenovert og inneheld i dag baren «Slåkhals» og restauranten «Sjel og Gane». I andre etasje er cognacloftet, biblioteket og selskapslokale med plass til 30-35 gjestar.
– Om vinteren har vi berre ope i helgene, frå mai og gjennom sommaren er det ope kvar dag. Ved sidan av restaurant og selskapslokale er dette ein god base for cateringsdrifta mi, både lokalt og til kundar i Bergen.
I Eidfjord, som då han dreiv frå eit restaurert naust på Sotra, fiskar han mange av råvarene frå eigen sjark, noko han blant anna har fått merksemd for i Bergens Tidende.
– Fisket i vinter har vore fantastisk bra. Med billig tilgang på gode råvarer har eg køyrd eit middagsstunt i vinter, «Fisk til folket», med billige fiskerettar som folk bestiller og hentar éin dag i veka. Det har vore ei fin tilleggsnæring i den rolege årstida.
– No ser eg fram til å koka for osingane igjen, for første gong på over 20 år, om vi ser vekk frå private selskap. Sjansen er stor for at det blir munter stemning og gode smakar! lover han.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilbod: 1 månad for 1 kr
No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.
- Tilgang til alt innhald
- Utan bindingstid
- Frå 145 kr/md.
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.