Kolabakkane måndag morgon. (Foto: KVB)

Kolabakkane er stengt

Arbeidet med å lokalisera og reparera vasslekkasjen i Kolabakkane har pågått i heile natt. Måndag er vegen til bustadfeltet stengt.

image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Søndag kveld oppsto det ein større vasslekkasje i Kolabakkane og vatnet til 270 bustadar blei stengt.

– Vi har fått til ei midlertidig omkopling mellom to punkt og dei fleste fekk tilbake vatnet i 2.30-tida i natt, fortel teknisk vakt i Os kommune, Torunn Paus.

Det er òg sett opp ein tappekran ved gangvegen ned til Mobergsbakken. I tillegg er det tappekran på brannstasjonen.

– Lekkasjen er funnen, men det er eit komplisert brot og det vil ta tid å få skaden reparert.

Det ligg høgspent i bakken, over vassleidningen. Teknisk vakt er glad for at prosedyrar blei følgt og at det ikkje blei straumbrot i området.

Hastestenging av veg

Mellom klokka 23 og midnatt starta gravinga. Leidningsbrotet er under den smale vegen, som blei hastestengt.

– Blei stenginga varsla så folk fekk sjanse til å få bilane på utsida av stenginga?

– Nei. Vi har nokre retningslinjer som handlar om å ikkje forstyrra folk med sms eller telefon etter klokka 22.

– Er det alternative ruter ut av nabolaget?

– Vi har salta gangvegen, som kan nyttast i krisetilfelle, men det blir ikkje anbefalt. Dei som bruker denne må vera skodd for den bratte, smale vegen, og gjer det i så fall på eige ansvar.

Nødetatane er òg varsla om forholda i Kolabakkane.

 

Fleire saker