Politi | 09. apr. 2022

Kolliderte i rundkøyring

– Mistenker brot på vikeplikt.

Kolliderte i rundkøyring
Politiet stilte tilfeldigvis ekstra sterkt, då både UP og hundepatrulje tilfeldigvis var i nærleiken. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 09. apr. 2022 06:44

Fredag klokka 22.35 fekk politiet melding om ein trafikkulykke i rundkøyringa mellom Industrivegen og Byvegen.

To bilar var involvert.

– Bilførarane er ein mann og ei kvinne, begge i 20-åra, fortel politiet på staden.

Politiet stilte tilfeldigvis ekstra sterkt, då både UP og hundepatrulje var i nærleiken, og svingte innom saman med ordinær patrulje.

Bildeserie:

(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
1 av 2
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

– Det er ingen personskade. Vi mistenker at årsaka er brot på vikepliktreglane. Førarkortbeslag blir vurdert, men vi skal snakka oss ferdig med partane før jurist tar avgjerd.

Den eine bilen var litt meir skadd enn den andre, men begge skal ha vore køyrbare etter samanstøyten.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.