Politi | 29. mars 2022

Mann med kniv pågripen etter konflikt i bustad

Utrykking til bustad tysdag morgon.

Mann med kniv pågripen etter konflikt i bustad
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 29. mars 2022 07:11

Måndag ettermiddag var det ein slåstkamp på ein busshaldeplass mellom to menn i 30-åra, tysdag morgon fekk politiet melding om nok ein slåstkamp.

Denne var på ei bustadadresse i 08.30-tida, fortel Vest politidistrikt via Twitter.

Ein mann i 40-åra er pågripen. Han skal også ha vist fram ein kniv.

Det er foreløpig uvisst om han har truga med kniven i løpet av slåstkampen, eller om nokon er skadd.

– Kven er motpart i slåstkampen, og er nokon skadd?

– Dette er ei pågåande sak, og vi har foreløpig ikkje fått inn all informasjon. Så langt er det ikkje notert at nokon er alvorleg skadd, seier politistasjonssjef Oddbjørn Dyrdal.

– Kven og kor mange som er motpart eller fornærma, er også for tidleg å seia.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.