Kollisjon i Rødsliane
Ingen personar skal vera skadd etter påkøyrsel bakfrå.

To bilar var involvert i eit trafikkuhell i Rødsliane torsdag.
– Ein bil klarte ikkje å bremsa då bilen framfor stoppa opp. Ingen personar ser ut til å vera skadd, og bilførarane fylte ut skademeldingsskjema på staden, fortel tipsar.
Uhellet skjedde nedst i Rødsliane, nær avkøyrsle mot Lønningdal og Øvredal.
Politiet har ikkje fått melding om uhellet, og reknar også med at det ikkje var personskade.
Dette var eitt av to trafikkuhell i Os i går. Ein bil køyrde utfor Lyseklostervegen, også der utan personskade.
Onsdag var det to utforkøyringar i Os, éi på Søfteland og ei på Strøno.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden
Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!
- Tilgang til alt innhald
- Under 37 kr/veka
- Utan bindingstid
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.