Politi | 21. juli 2022

Lyseklostervegen stengt etter utforkøyring

Ein bil har hamna i grøfta ved kapellet.

Lyseklostervegen stengt etter utforkøyring
Ingen personar blei skadd då bilen hamna ut på eit jorde ved Lysekloster kapell. (Lesarbilde, tips@midtsiden.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 21. juli 2022 22:00

– Ein bil har hamna utfor Lyseklostervegen. Politiet har stengt vegen, opplyser Vegtrafikksentralen via Twitter klokka 23.52.

Oppdatert:

Politiet fekk varsel om uhellet klokka 23.35.

– Ingen personar var skadd og ingen andre køyretøy var involvert, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Bilen hadde hamna ut på eit jorde. Det var materielle skadar på bilen og på eit gjerde.

Bilførar er ei jente på under 20 år. Det er ikkje mistanke om promille. Politiet har oppretta sak, men ikkje tatt beslag i førarkort.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.