Lokal | 28. mai 2010

Kollisjon på Kaland

Trafikken blir dirigert forbi Kaland skule etter ein frontkollisjon i dag. Éin person er sendt til sjukehus for sjekk.

Kollisjon på Kaland
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 28. mai 2010 12:12

Ein bil som skulle svinga av til skuleplassen fekk ein motgåande bil i fronten.

- Begge airbagane blei utløyste. Éin person er frakta til Haukeland for sjekk, fortel operasjonsleiar Erik Gjesdal.

- I tillegg kom ein tredje bil og kjørte inn i ein av dei som kolliderte først.

Meldinga om ulykka kom klokka 13.28. To av bilane må tauast vekk. Politiet dirigerer trafikken forbi skadestaden.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.