Lokal | 02. juli 2018

Kollisjon på Søfteland

Trafikken sto i nær to timar på E39 etter ein kollisjon mellom ein lastebil og personbil.

Kollisjon på Søfteland
Personbilen har fått store materielle skadar i fronten (lesarbilde: tips@midtsiden.no)
Andris Hamremandag 02. juli 2018 15:13

Bildeserie:

Kollisjonen skjedde mellom fotoboksen og Er-An (leserfoto)
Kollisjonen skjedde mellom fotoboksen og Er-An (leserfoto)
Nødetatane rykte ut på ulykka (lesarfoto)
Nødetatane rykte ut på ulykka (lesarfoto)
Også lastebilen har fått store materielle skadar (lesarfoto)
Også lastebilen har fått store materielle skadar (lesarfoto)
1 av 3
Kollisjonen skjedde mellom fotoboksen og Er-An (leserfoto)
Nødetatane rykte ut på ulykka (lesarfoto)
Også lastebilen har fått store materielle skadar (lesarfoto)

Rett etter klokka 17 måndag ettermiddag fekk nødetatane melding om eit trafikkuhell på Søfteland.

– Det er ein lastebil og ein personbil som har køyrd front mot front. Det har skjedd i høgresvingen mellom fotoboksen og Er-An, når du kjem frå byen. Trafikken står kubb her no, fortel ein Midtsiden-tipsar.

Klager over smerte i brystet

Dette blir stadfesta av politiet på Twitter.

– Køen står i begge retningar. Bilbergar er rekvirert, opplyser politiet.

Politiet fortell vidare at samtlege personar i dei involverte køyretøya har kome seg ut.

– Føraren av personbilen har vondt i brystet, opplyser politiet.

Ambulanse og brannvesen rykte saman med politiet ut på ulykka.

Klokka 17.22 opplyste politiet at førar og passasjer i personbilen blei sendt til Haukeland sjukehus i ambulanse.

Fare for at lastebilen veltar

Lastebilen, som står retning Bergen står heilt ute på vegskuldra.

– Det er fare for at den kan velte. Vegen er difor stengd, opplyser politiet.

Vegtrafikksentralen Vest opplyser klokka 17.30 at vegen er stengd og at den vil bli det i inntil ein time. Estimert tid før vegen opner igjen er mellom 30 og 60 minutt.

Manuell dirigering

Klokka 18.30 melder Vegtrafikksentralen at politiet no så smått har byrja å dirigere trafikken forbi.

– Bilberger held framleis på med berging av lastebilen. I tillegg er det eindel oljesøl som vår entreprenør må ta seg av, skriv dei på twitter.

Klokka 18.54 blei E39 opna for trafikk igjen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.