Lokal | 06. mai 2020

Kollisjon ved Gymnasvegen

Ein person har smerter i nakken etter påkøyrsel bakfrå.

Kollisjon ved Gymnasvegen
Bilane er tatt inn til sida, så trafikken går som normalt på Byvegen. (Foto: Ørjan Håland)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 06. mai 2020 09:15

Ein bil er påkøyrd bakfrå på Byvegen ved avkøyrsle til Gymnasvegen, opplyser politiet klokka 11.48.

Ein person har smerter i nakken.

Etter at patruljen kom til staden blir det meldt at det ikkje er behov for ambulanse.

– Samanstøyten skal ha skjedd i låg fart, opplyser politiet via Twitter.

Bilane hadde retning Os då ulykka skjedde. Den eine stoppa grunna vegarbeid på staden, den neste bilen klarte ikkje å stoppa i tide.

Begge blei køyrd til sida, inn på Gymnasvegen, så trafikken på Byvegen kunne gå vidare som normalt.

– Til saman tre personar var involvert. Begge bilførarane er edru og har førarkort, men vi opprettar sak då førar av bilen som blei påkøyrd har smerter i nakken etter kollisjonen, opplyser politiet på staden.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.