Kultur | 07. apr. 2011

-Kom, bli med!

Oppfordringa kjem frå nytilsett kulturhusvert Janne Mari Hjelle på jakt etter frivillige til Oseana sin opningsfestival.

-Kom, bli med!
Andris Hamretorsdag 07. apr. 2011 11:20

I ni dagar frå 17.-26. juni skal Oseana sin opningsfestival gå av stabelen. Det er mange arrangement som skal smeltast saman til ein eventyrfest av dimensjonar.

- Det blir hektiske og artige dagar, men vi treng fleire blide og serviceinnstilte osingar til å hjelpa oss som frivillige, smilar kulturhusvert og leiar for dei frivillige Janne Mari Hjelle.

- Eg håper osingane har lyst til å bli ein del av huset og ikkje berre brukarar av det, seier Hjelle.

I alle aldre

For å losa opningsfestivalen vel i hamn treng Hjelle frivillige til to skift kvar dag.

- Dei skal jo ikkje jobba seg i hjel heller, smilar ho.

- Jobbane går ut på alt frå å vera parkeringsvaktar og rigging til å losa publikum til rett sete eller å fortelja kor ein finn toaletta, forklarar den nye kulturhusverten.

- Alderen spelar nesten ingen rolle. Om du er 18 eller 80 er det same, berre du kan behalde roen og smilet når trøkket set inn.

- Men det aller viktigaste er at du har lyst til å vera med på å starta det eventyret eg er overtydd om at Osana kjem til å bli.

- Dette kjem garantert til å bli eit minne for livet, fastheld Hjelle.

Synlege vertar

Sjølv om det er skralt med betaling til dei frivillige lovar Hjelle at noko skal dei no få tilbake.

- I tillegg til dei oransje t-skjortane som blir uniformen skal dei få seg mat, drikke og kursing i tillegg til opplevinga.

Ho fortel at dei har valt oransje uniformar for at vertane skal vera godt synlege i folkemengden og at publikum skal veta at ser dei nokon i oransje, så kan dei spørrast til råd.

Kurs i mai

Hjelle inviterar alle som er interessert i å hjelpa ein eller fleire dagar til å ta kontakt.

- Vi kjem til å køyre eit kurs/møte med dei som er interressert i løpet av mai kor vi går gjennom oppgåvene, korleis oppføra seg og lignande.

- Dei som melder seg kjem òg til å få eit førstehjelpskurs slik at dei er førebudd om noko skulle skje, forklarar Hjelle.

Om du vil melda deg som frivillig kan ho kontaktast på telefon 970 96 997 eller janne@oseana.no.

- Det er flott om folk melder seg innan 1. mai så vi rekk å halde kurs og slikt før det brakar laus, men om nokon kjem etter den datoen så seier eg ikkje nei, avsluttar kulturhusverten.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.