Kultur | 10. feb. 2012

- Kom innom!

...oppfordrar kulturhusvert Janne Mari Hjelle. I helga er det ope hus med gratis smaksprøver og fri adgang til utstillingane.

- Kom innom!
Kulturhusvert Janne Mari Hjelle ønskjer velkomen til Oseana i helga (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 10. feb. 2012 09:00

"HeilHelg" har Hjelle vald å kalle helga på Oseana kor det blir arrangementer frå fredag til søndag.

- Det heile startar med konsert og plateslepp i Griegsamlinga på fredag klokka 20.

- Då tek Aasmund Brekke med seg Frøydis Grorud (ho i Beat for Beat på NRK, journ.mrk.), Morten Færestrand, Ole Marius Sandberg og Stein Inge Brækhus for å presentere debutalbumet XYZ, fortel Janne Mari Hjelle.

- Det kjem til å bli ein konsert med drivande Brasiliansk jazz, noko eg trur kjem til å passe svært godt til suksessutstillinga med Ramon Haiti Filiu som vi har i hvelvet no.

Nesten "free lunsj"

Utstillinga i hvelvet og den permanente utstillinga i Griegsamlinga kan du laurdag nyte gratis.

- Då opnar vi opp båe galleria og slepp publikum inn.

- Samstundes byr Færingen på smaksprøver frå både lunsj og middagsmenyen sin, fortel Hjelle.

Ho fortel at kjøkensjef Angus Hugøy har lagt seg i selene for å presentere eit variert og godt utval av rettane.

- Her blir det kortreist mat og fokus på det han kallar minuttfersk mat fulgt av den nydeleg eplemosten frå Spilde gard, skryt Hjelle.

Fargerik sundag

Sundag er det morsdag og Hjelle meir enn ymtar frampå at å invitere mor til middag på Færingen ville vera ein god idé.

- Så kan ein jo avslutta det heile i Oseanasalen med sukessframsyninga "Fargespill".

- Den har har vore ein sukess sidan den første gong blei vist i 2004.

- Vi er utruleg glade for at nær 70 born frå 25 land for første gong kjem til Os med denne framsyninga.

- Forestillinga har seld bra, men det er framleis nokre plassar igjen, avsluttar Janne Mari Hjelle som gler seg til ei "HeilHelg" i Oseana.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.