Politi | 11. feb. 2022

Kom med trugslar då han mista lappen

Ein ung bilist blei rasande då UP tok beslag i førarkortet.

Kom med trugslar då han mista lappen
UP sto i går på Reset og sjekka «reser-farten» retning Halhjem. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 11. feb. 2022 09:26

Utrykningspolitiet har hatt mange fartskontrollar i Os dei siste vekene.

I går sto dei på Reset med laseren og målte farten på trafikantane som køyrde i retning Halhjem.

– I 11-tida målte dei ein bil i 111 km/t i 70-sona, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Førarkortet heng i ein tynn tråd når du passerer 105 km/t i 70-sonene.

– Då guten, som er rundt 20 år gamal, blei gjort kjent med at det blei førarkortbeslag, kom han med trugslar mot patruljen.

Det blei målt promille, men bilførar var edru. Etter besøket på legevakta blei han køyrd heim.

– Det er oppretta sak både på førarkortbeslaget og på trugslar mot offentleg tenesteperson.

Fekk forelegg ved stoppskilt

I forgårs fekk ein bilførar 7.250 kroner i forelegg for ikkje å stoppa for fotgjengarar på Søfteland.

I går var det ein som ikkje stoppa heilt opp ved stoppskiltet i Lepsøykrysset.

Vedkomande, ein mann i slutten av 20-åra, fekk 7.250 kroner i forelegg og tre prikkar på førarkortet.

Om ikkje hjula står heilt i ro før du svingar ut på E39, risikerer du både forelegg og prikkar. (Arkivfoto: KVB)
Om ikkje hjula står heilt i ro før du svingar ut på E39, risikerer du både forelegg og prikkar. (Arkivfoto: KVB)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.