Helse | 11. apr. 2022

Kommunen tilbyr lokale til Os allmennpraksis

Tilfører også to nye fastlegeheimlar for å auka samla kapasitet i kommunen.

Kommunen tilbyr lokale til Os allmennpraksis
Bjørnafjorden kommune leiger lokale hos Bjørnegaarden så legekontor i næringsparken får ny stad å vera. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 11. apr. 2022 14:06

I vinter blei det kjent at Nav Bjørnafjorden flyttar frå Bjørnegården til Os Næringspark.

Nav skal inn i både lokala Metro heldt til i og lokala der Os allmennprasis har i dag.

Nav Bjørnafjorden får rundt 1000 kvadratmeter på gateplan. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Les ògDette blir Nav sitt nye kontor

Midtsiden fekk ikkje tak i nokon ved Os allmennpraksis då avtalen blei kjent, i forsøk på å finna ut kva som var deira plan vidare. Men til Os & Fusaposten gav ein av dei tilsette uttrykk for at meldinga kom brått på.

Huseigar Espen Aspenes fortalte til Midtsiden at han i ei årrekkje har prøvd å få til ein leigeavtale på meir enn eitt år med legekontoret, utan hell.

No går det likevel mot ei løysing.

Kommunen leige i sentrum

Bjørnafjorden kommune har inngått avtale med Bjørnegaarden AS om leige av lokale til legekontor i Brugata, opplyser kommunen på eiga heimeside i dag.

Kommunen leiger det som i dag er mottaket til NAV Bjørnafjorden.

– Vi har også signert kontrakt med legane ved Os allmennpraksis om at dei skal leige dette lokalet av oss dei kommande åra, seier kommunedirektør Christian F. Fotland.

Det pågår no arbeid med å etablere eit mellombels NAV-mottak, slik at ombygging til legekontor kan starta snarast.

Utvidar med to nullheimlar

Samstundes får Os allmennpraksis tilført to nye fastlegeheimlar, sokalla nullheimlar, slik at den samla fastlegekapasiteten i kommunen aukar.

Ordførar Trine Lindborg (Ap) takkar samtidig administrasjonen for innsatsen med å finna ei løysing for legekontoret.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.