Bjørnafjorden kommune | 04. feb. 2022

Nav får nye lokale

NAV Vestland og Bjørnafjorden kommune har i dag tildelt ny leigekontrakt.

Nav-kontoret på Os flyttar til motsett ende av sentrum. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 04. feb. 2022 10:00

Pressemelding:

NAV står framfor ein flytteprosess etter at Nav Vestland saman med Bjørnafjorden kommune har hatt ute ein konkurranse om å tilby ny leigekontrakt for lokale til NAV Bjørnafjorden.

Konkurransen blei kunngjort i veke 23/24 2021, og det kom inn to tilbydarar.

Arealet som skal leigast skulle vera om lag 1000 kvadratmeter og tilpassa NAV sine behov for publikumsareal, kontor, kurslokale, støtterom og tilhøyrande fasilitetar.

Landa på Os Næringspark

– Vi fekk etter forhandlingar til slutt inn to endelege tilbod som begge tilfredsstilte krava som blei stilte i tilbodsførespurnaden, seier kommunedirektør Christian F. Fotland.

– Etter ei nøye vurdering endte gruppa som har arbeidd med tilboda opp med å tilrå partnarskapet (leiinga i Nav Vestland og Bjørnafjorden kommune) å inngå leigeavtale med Os Næringspark AS.

Tilbydarane og dei tilsette ved NAV blei orientert om denne avgjerda i formiddag.

Leigeavtalen er inngått med 10 års lengde med opsjon på yttarlegare 2 x 5 år.

Innflytting er planlagt rundt årsskiftet 2022/2023.

– No skal det køyrast ein prosess saman med dei tilsette, tillitsvalde og verneombod for å teikna ut det endelege romprogrammet.

Tildelingskriteringa som blei lagt til grunn (frå konkurransegrunnlaget):

Tildelingen skjer på grunnlag av kva tilbod som totalt sett er det økonomisk mest fordelaktige, basert på følgjande kriterie:

1. Totalkostnad

Herunder bl.a. leige, felleskostnadar, driftskostnadar og økonomiske konsekvensar av eventuelle endringar i oppdragsgivars leigekontrakt som kan prisast.

2. Eigna

Herunder bl.a. plassering, tilgang til offentleg kommunikasjon, innflyttingsdato, energiklasse, arealutforming og eventuelle avvik frå kravspesifikasjon.

Kriteriet «eigna» vil vega tyngre enn totalkostnad. Arealeffektivitet bli løna under totalkostnad om det resulterer i låge samla leigeutgifter for oppdragsgivar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Fra 36 kr/uke
Se priser

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.