Lokal | 05. juli 2018

Kommunen vil ha bileta dine

I samband med Klima-, energi- og miljøplanen inviterer Os kommune til fotokonkurransen «KLEMOS».

Kommunen vil ha bileta dine
Har du, eller tek du, eit bilete i sommar som kan passe i KLEM-planen til kommunen, så kan du no vinna premier (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 05. juli 2018 12:57

Os kommune arbeider med den nye Klima-, energi- og miljøplanen (KLEM-planen) og ønskjer no osingane sitt bidrag i form av bileter frå Osbygda.

– Vi inviterer difor alle osingar og besøkande til kommunen vår i sommar til å ta del i fotokonkurransen, «KLEMOS» (på Instagram: #KLEMOS), seier arealplanleggar Arne-Richard Stadaas.

Tre tema

Motiva kommunen ønskjer seg skal vera bileter på det kommunedelplanen handlar om, nemleg klima, energi og miljø.

– Det er desse tre temaene som skal kome fram i bileta som deltek i konkurransen.

– Bileta som vert sende inn til oss vert vurderte etter aktualitet (kor godt dei treff eit av desse tre temaene), komposisjon, teknisk kvalitet og den berømmelege X-faktoren. Det er altså høve til å nytte humor, dramatikk og andre verkemiddel i fotografiet. Hugs på at i sjølv det mest daglegdagse så kan det ligge stor kunst, så lad opp mobilen og knips i vei, oppmodar Stadaas.

Kan også sendast inn

Konkurransa går i utgangspunktet føre seg ved at deltakarane legg ut bileta sine på facebook og Instagram med emneknaggen #klemos.

– Om ein ikkje er heilt stø i dette, så kan ein også sende bileta sine inn til kommunen på arrs@os-ho.kommune.no. Desse bileta vil bli publisert saman med alle dei andre mottekne bileta, slik at det ikkje på noko tidspunkt vil vera tvil om eigarskapen til bileta.

– Kommunen må krevje bruksrett i fire år til dei bileta som skal nyttast i KLEM-planen, men fotografen blir sjølvsagt nemnt under kvart einskilt bilete. Dette gjeld alle dei 19 premierte bileta. Premiane er gåvekort levert av Sport Norge Os pålydande verdiar frå 2.000 til 250 kroner.

– Det blir tre hovudpremiar i kvar kategori, og ti vinnarar av hederleg omtale som også vil motta gåvekort frå Sport Norge Os, seier Stadaas.

Konkurransen startar laurdag 07.juli og vert avslutta sundag 02.september. Publisering av vinnarane vert gjort i veke 37.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.