Kultur | 13. des. 2011

Konfirmantane har knipsa

I ettermiddag opnar 26 konfirmantar fotoutstilling i Kyrkjetunet.

Konfirmantane har knipsa
Blant bilda i utstillinga. (Foto: Andrea-Sofie Solholm)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 13. des. 2011 10:38

Os Fotoklubb sine medlemmar er ikkje dei einaste i Os som tar bilde som er verdt å visa fram.

Laurdag opna klubben ei flott utstilling i Oseana, tysdag ettermiddag blir denne utstillinga supplert med ei utstilling av bilde tatt av neste års konfirmantar.

– Ungdomane har verkeleg eit godt blikk, seier ungdomsarbeidar i Os kyrkjelyd, Knut-Inge Johnsen.

– Vi landar nok på rundt 80 bilde i utstillinga, som opnar klokka 18 i kveld, legg han til.

På film og minnebrikke

Dei komande konfirmantane kan, i tillegg til den generelle undervisinga, velja mellom blant anna båt og sjøliv, golf, fiske og song og musikk som tilleggsaktivitet.

– Ganske mange har valt foto så vi har hatt to grupper, kvar av dei med 13 konfirmantar, som har lært og eksperimentert med både digital fotografering og fotografering på mellomformat film.

– Etter jul skal vi også i mørkerom og til våren kjem ei ny utstilling, seier han.

Open i «nokre dagar»

Tysdag ettermiddag, fram til Fonos sin konsert i kyrkja klokka 20, blir det open utstilling i Kyrkjetunet og servering av kaffi og kjeks.

Utstillinga blir også open på dagtid dei neste dagane, eller etter avtale med Johnsen.

– Vi har lånt eit av dei store romma i førsteetasje, og eg håper utstillinga kan stå nokre dagar, seier Knut-Inge.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.