Kultur | 24. juli 2023

«Konsertane er berre tilgjengelege i båt»

Vil ha flytande publikum til to gratisarrangement.

Lysevågen på Lysøya. (Skjermbilde frå dronevideo, foto: André Marton Pedersen, Los i Os)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 24. juli 2023 08:06

Lysøens Venner la i går ut to arrangement, konsert på ettermiddagen dei to første laurdagane i august.

– Konsertane er berre tilgjengelege frå båt i Lysevågen, skriv arrangørane.

Dermed er det både «drive in» og, som dei skriv i annonsen, «driv inn». For du treng ikkje køyra, du kan ro, padla eller koma rekande.

På scenen står det ulike musikarar dei to laurdagane.

5. august: Hilde Annine Hasselberg og Ingvill Holter

12. august: Trekkspill og saksofonkonsert i vågen med Astrid Jenssen Solstad og Maren Sofie Nyland Johansen

Konsertane, som varer i 45 minutt, er gratis å lytta til, men vågen kan bli full.

Derfor kan det vera ein fordel å vera ute i god tid før konsertstart, som er klokka 15 begge laurdagane.

Arrangementet blir gjennomført i samarbeid med KODE, «i Ole Bulls eventyrlystne ånd».

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.