Reise og turisme | 16. juli 2021

Uvanleg godt besøk på Lysøen

Mens Ole Bulls villa er stengt går den nye ferja for fullt.

Uvanleg godt besøk på Lysøen
Den nye elferja «Ole Bull» har travle dagar sjølv om villaen er stengt. (Foto: Ørjan Håland)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 16. juli 2021 13:17

– Vi ønskjer å få vist fram både båten og øya, dette blir eit fint tilbod i denne tida når villaen er stengd, sa direktør for KODE, Petter Snare, under dåpen av den nye passasjerbåten «Ole Bull».

Ole Bulls villa er sengt for renovasjon både i år og neste år. Gratis ferje er eit tilbod mange har nytta for å besøka turterrenget på Lysøen.

Øya har 13 kilometer med turstiar, utsiktstårn og ei grotte.

– Det har faktisk vore uvanleg godt besøk på øya til no i sommar, seier driftsleiar Roald Eliassen.

Besøkstalet har i helgene vore oppe i 600.700 gjestar.

– Men det har ikkje vore sånn at det har vore mykje kø eller hard kamp om parkeringsplass, gjestane har fordelt seg fint utover dagen.

– Kvar kjem gjestane frå?

– Eg har inntrykk av at dei fleste er kortreiste, frå for eksempel Os, Bergen og Arna. Mange av dei er besteforeldre på tur med barnebarn.

– Det ser ikkje ut som om det er så mange utlendingar enno, dei er vel færre, i tillegg vil dei gjerne helst oppleva villaen.

Elferja har erstatta taretrålaren frå 1952, som gjekk mellom Buena og Museet Lysøen frå 1977 til 2020.

Førre båt var smikkfull med 33 om bord, nye «Ole Bull» tar 48 pluss mannskap på inntil to - alle under tak. Samtidig kan du gå på dekk rundt heile hytta på katamaranen.

Allereie i juli 2020 blei den nye passasjerbåten til KODE, heilelektriske «Ole Bull»sjøsett på Måløy og same veke kom den til Lysøen.

«Ole Bull» er 15 meter (49 fot) lang og 7 meter brei.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.