Samferdsle | 24. des. 2024

Kontroll: Nokre problem blei avdekka – eitt blei til undervegs

Uhellet skjedde då føraren skulle køyra frå staden.

Kontroll: Nokre problem blei avdekka – eitt blei til undervegs
Denne lysmasta låg ikkje på bakken i forkant av kontrollen. Foto: Statens vegvesen
Marie Ingeborg Kroka
Marie Ingeborg Krokatysdag 24. des. 2024 09:30

På dagtid i går, veslejulaftan, blei tunge køyretøy kontrollert av Statens vegvesen på Svegatjørn kontrollplass.

Det var lite trafikk dagen-før-dagen, men for nokre køyretøy fann vegvesenet forhold å reagera på. Ein førar hadde ikkje problem i utgangspunktet, men det fekk han då han skulle køyra frå staden.

Litt å reagera på

Eitt køyretøy fekk teknisk mangel for feil med rattkula.

To sjåførar fekk advarslar for brot på køyre- og kviletidsreglane.

Ein sjåfør fekk 1.200 kroner i gebyr for manglande kjetting.

Ein sjåfør fekk forbod om å reisa vidare.

Ser du kvifor? Foto: Statens vegvesen
Ser du kvifor? Foto: Statens vegvesen

Lasten hadde forskuva seg. Føraren fekk også påbod om å fjerna gjenstandar i siktsona framover.

Køyrde ned lysmast

Ein førar var uheldig etter han hadde vore inne til kontroll. Han skulle berre finna solbrillene før neste etappe, og køyrde ut til sida for å leita.

– I samband med det greide han å setta køyretøyet i røyrsle, med det resultatet at han køyrde ned ei lysmast, seier Roald Berentsen i Statens vegvesen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.