Kor e alle heltar hen?
... på Søre Neset! Sjå bildeserie og video av femteklassetrinnet si fine og samansette framsyning.
Frå Rihanna til John Lennon, frå Marco Matre til Jimmy Øvredal, både unge og vaksne internasjonale og lokale heltar blei heidra på Søre Neset i skuletida onsdag.
SJÅ VIDEO NEDST I ARTIKKELEN
Teater, song, musikk, teikning, foto, presentasjon på skjerm og produksjon av film – dei drygt 50 elevane i 5 a og 5 b ved Søre Neset skule har brukt mange verktøy for å laga framsyning om heltar for resten av skulen.
– Alle klassane lager éi framsyning kvar i løpet av året. Som avslutting til sommaren skal førsteklassingane ta si framsyning, i dag var det femteklassingane sin tur, fortel Oddgeir Bjelland.
– Dette blei ein kreativ og lærerik periode og elevane diskuterte, kompromissa, bearbeida og forkasta idear. Nokre grupper gjekk i oppløysing og nye kom til. Nokre grupper fekk tidspress og andre blei ferdig i god tid, seier fungerande rektor Vigdis Vikne.
Flittige teknikarar
Bjelland underviser i musikk og speler fleire instrument. Med seg har han Henrik Johannessen på gitar. Johannessen er kontaktlærar for ein av klassane, Magdele Presthus Johansen for den andre.
– Vi må ta med dei flinke teknikarane våre; fire elevar som har lært seg å rigga opp anlegget. Dei stiller lenge før skulestart og dei kjem på kveldstid for å hjelpa til. Dei er som musikarane med på førebuingar og framsyningar frå alle klassetrinna, seier Magdele.
Andre vaksne som har hatt ein finger med i spelet er Gunnbjørg Sælen, Kjersti, Heggland og Elin Scheie.
Variert og underhaldande
"Kva er ein helt?" spørte elevane som leia showet, Amanda og Fredrik. Dei svarte sjølv, ved hjelp av medelevane.
Heltar innan musikk og film blei presenterte, både på scenen med song og dans, leia av flinke Daniel, og på lerret, med powerpointpresentasjonar som med bilde og tekst fortalte om heltane og forbilda.
Elevane hadde også laga film, og dette slo spesielt godt an; frå morosam boksekamp i klasserommet, i Chaplin-stil, til intervju med lærarane om kven som var deira helt då dei var ung.
VIDEO (03.30): Sjå delar av showet 5. klassingane lagde på Søre Neset i går. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)