Lokal | 14. juli 2017

Kor får du desse?

Er du av dei som ikkje får fatt i plastsekker til plastemballasje? – Be nærbutikken din bestille inn, oppmodar BIR.

Kor får du desse?
Desse sekkane kan vera vanskelege å få tak i (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 14. juli 2017 12:02

Ein gang i månaden hentar BIR plastsøppel.

– No har vi vore bygda rundt etter plastsekker til plastavfall. Det er umogleg å oppdrive. Om dei ønskjer at vi skal sortera så bør sekker vera tilgjengeleg. Er dette noko de kan belyse/undersøke?, var meldinga Midtsiden fekk av ein lesar torsdag. Sjølvsagt kan vi det.

Gjekk tom sjølv

Beate Pletten, kommunikasjonsrådgjevar i BIR fortel at ein i utgangspunktet alltid skal få tak i sekkane på gjenvinningsstasjonen i Kolskogen.

– Men, ein feil hos produsenten har gjort at vi ikkje har fått påfyll på lageret vårt. Dermed har også gjenvinningsstasjonen i Kolskogen gått tom. Feilen er retta og dei skal no vera på veg, så i neste veke skal det vera mogleg å hente sekkar i Kolskogen.

– Be butikken bestille

Etter at Midtsiden tok kontakt har Pletten vore i kontakt med butikkar i Os for å undersøke om det stemmer at ingen har.

– Eg har snakka med nokre av butikkane på Os og begge dei to Rema-butikkane sa i allefall at dei hadde. Om du ikkje ser dei er det berre å spørje betjeninga. Meny var tomme, men dei kjem nok til å bestilla det inn raskt. Det er nemleg slik at butikkane bestiller posene frå sitt eige hovudlager, og der har eg fått stadfesta at dei har, så oppmodinga må vera at om butikken ikkje har inne, så be dei bestilla det. Erfaringsmessig veit vi at det hjelper når kundane spør, avsluttar Pletten, som legg til at når du først har fått tak i dei, så har du normalt for eitt år. Rullen inneheld nemleg 13 sekkar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.