Lokal | 01. aug. 2011

Korleis bør Vikjo bli?

Mobergsvikjo skal rustast opp for 1,5 millionar kroner. Kva bør endrast, kva bør bli verande som det er?

Korleis bør Vikjo bli?
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 01. aug. 2011 10:17

Bildeserie:

bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
1 av 5
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde

I juni kom Stor-Bergen boligbyggelag med den store pengegåva til Os og BOF (Bergen og omland friluftsråd), 1,5 millionar kroner øyremerkt opprusting av Mobergsvikjo, friluftsområdet ved Os sentrum, rett ved Oseana og Stor-Bergen sitt bustadprosjekt Os Sjøfront.

– Det er oppretta ei arbeidsgruppe med fleire involverte partar, blant anna BOF, Os kommune og arkitekt, sa direktør Anne Gine Hestetun i Stor-Bergen om vegen vidare.

Tiltaket skal utførast innan jonsok 2012. Det betyr truleg at det vil bli byggearbeid i Mobergsvikjo delar av neste sommar.

Planar og teikningar har førebels ikkje blitt presenterte, men vi i Midtsiden vil med dette koma med nokre forslag til endringar, og tankar om kva som bør blir verande som det er.

I hovudsak er vi opptatt av dette:
• Fangst av småkrabbar - stein og tang må bli verande
• Parkering - Os kommune bør sikra parkeringsplassar, helst ved Giljavegen
• Passasje mellom stupebrett og fjøre - utan at ein må gå gjennom uterestauranten til Færingen

Blant nye innslag foreslår vi:
• Grillhytte og fleire sitjeplassar
• Dusj utandørs
• Badebrygge og nytt stupetårn

Her kjem litt meir utdjupande kva vi meiner.

Krabbefangst: Vi reknar med at det blir rydda litt i fjøra, laga passasjar der ungar, eldre og andre varsame kjem seg lettare ut til sandbotnen utan å trø på tang eller gli på glatte steinar på vegen ut. MEN; Vikjo må ikkje bli FOR fin, om all tang og steinar blir gravd vekk eller erstatta med skjelsand forsvinn mykje av det ungane synes er spennande, krabbar, eremittkreps, reker og småfisk som dei kan fanga.

Parkering: Dette er truleg utanfor rekkevidda til denne runden og pengepotten, og noko BOF i samarbeid med Os kommune må snakka med grunneigarar om, men det ville vore naturleg å opparbeida ein parkeringsplass langs vegen som går frå Giljavegen ned til Vikjo. Nei, kapasiteten er ikkje god nok ved Oseana, og nei, folk vil ikkje parkera langt vekke frå den mest sentrale stranda i Os. Eventuelt kunne det vore parkering nede langs gangvegen ved utedoen, men det ville vore litt synd om vi fekk biltrafikk heilt opp i dei som ligg og soler seg. Bakkane langs vegen ned til Vikjo blei leigd til parkering i fjor og i forfjor, då Oseana var under bygging, i år er det skilta med privat veg og innkjøring forbode. Spørsmålet har vore lufta i formannskapet på forsommaren, men tydelegvis kom det ikkje ein avtale i boks før ferien. Dette bør det jobbast vidare med.

Passasje mellom stupebrett/Oseana-parkering og fjøra: Dette har vi tru på ligg inne i planane, Hestetun nemte «strandpromenade» då ho kom med midlane og vi håper at vi i framtida kan gå mellom fjøra og stupebrettet utan å gå gjennom uterestauranten til Færingen. Restauranten har hatt godt besøk kvar gong vi har vore nedom Oseana eller Vikjo, både dei som spring i badebukse eller dei som sit og et kan bli brydd av at restauranten er lettaste veg mellom strand og stupebrett. Også dei som er på søndagstur, kanskje med hund, bør ha alternativ passasje.

Grillhytte og benkar: Dette er også noko vi trur er i planane, i alle fall fleire sitjeplassar og kanskje ei gruve eller to for å legga til rette for grilling. Gruver og enkle grllhytter, helst med sitjeplassar i nærleiken, er ikkje berre hyggeleg, det er med på å gjera det enklare å halda Mobergsvikjo ryddig og fin i framtida.

Utedusj og omkledningsrom: No er det ikkje 60 soldagar per sommar her i Os, og førebels ikkje plagsamt med finkorna sand i Mobergsvikjo, men om Stor-Bergen legg lista høgt, og finn rom for meir enn strandpromenade, kan nokre utandørs-dusjar vera kjekt å ha. Om ikkje anna enn for å spyla beina før ein set seg i bilen. Hestetun høyrtes ambisiøs ut då ho delte ut midlane, og sa ho ville ta Vikjo tilbake til tidlegare høgder. I så fall kunne nokre sjarmerane, gamaldagse omkledningsrom vore passande, om besøkstalet igjen skulle bli som på 80-talet.

Badebrygge og stupetårn: Ungane i Os har med Oseana fått ein boltreplass av dimensjonar. Men Osbygda har ikkje berre dyktige scenekunstnarar og musikarar, det er mange atletar og akrobatar i Os, ungdomar som tar baklengs salto på trampoline og endå tøffare triks med twintip-ski på beina. Og ungdomen har mista plenen sin. Bakkane der dei fekk avstand frå småungane og kort veg til stupetårnet, som dei siste åra berre har vore eit stupebrett. Det er gjerne like greit, at 4-meteren forsvann, for det er i grenseland grunt der dagens stupebrett er. Men med den nye moloen opnar det seg sjansen til å bygga noko luftig, eit skikkeleg stupetårn hadde gjeve noko til dei sprekaste i Os. Ei badebrygge midt utpå, noko å symja til, hadde også vore eit enkelt, men kjekt innslag. Brygga kan tauast vekk når sommaren er over.

Kva meiner du? Legg gjerne til tankar om Vikjo i denne artikkelen, kanskje blir den lest av dei som legg planane for oppgradering av Mobergsvikjo.

 

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.