Korona | 09. nov. 2021

Koronarelatert dødsfall i Bjørnafjorden

Mann i 80-åra omkom.

Koronarelatert dødsfall i Bjørnafjorden
Mannen blei innlagt på akuttmottaket på Haukeland onsdag 3. november. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 09. nov. 2021 14:59

Ein mann i 80-åra frå Bjørnafjorden kommune som døydde på Haukeland universitetssjukehus i dag, testa i førre veke positivt på covid-19.

Han var fullvaksinert, men hadde fleire underliggande sjukdomar som gav høg risiko for alvorleg sjukdomsforløp ved smitte.

– Mine tankar går til dei pårørande i dag, seier ordførar i Bjørnafjorden kommune, Trine Lindborg i ei pressemelding.

Informasjon om dødsfallet er gitt i samråd med pårørande.

– Dette er ein veldig trist beskjed å få, og ei viktig påminning om at pandemien ikkje er over. Vi må framleis vera forsiktige av omsyn til alle dei som er spesielt utsette, seier Lindborg.

I førre veke hadde vi til saman 25 nye smittetilfelle, berre veke 33 har hatt fleire, med 35 smitta.

Dette er det andre dødsfallet i Bjørnafjorden kommune under pandemien.

I alt har vi hatt 433 smittetilfelle, 329 av dei i år.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.