Kultur | 03. aug. 2015

Kort kø og null trøbbel

Nattklubb, nattbuss, taxi: Korleis gjekk det då nesten 3000 feststemte per kveld gjekk frå grusbanen til uteplassane og i drosjekø?

Kort kø og null trøbbel
Catten, Os Taxi og Solsiden stilte med auka kapasitet for å ta unna Osfest-publikummet i helga. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 03. aug. 2015 11:29

Med oppunder 3000 gjestar fredag og laurdag blei Osfest ein suksess. Ikkje uventa var det også mykje folk på utestadane i Os sentrum, både under og etter stengetid på festivalområdet på grusplassen.

Både Solsiden, Catten og Os Taxi gjorde tiltak for å auka kapasiteten - og det viste seg å vera godt nok.

Mange gjestar - null bråk

Både Solsiden og Catten hadde utvida med telt og auka bemanning. Solsiden fortel om bra med gjestar frå klokka 18 fredag og frå klokka 12 på dagen laurdag.

– Det såg ut som om mange brukte Solsiden som base og gjekk til og frå festivalområdet ut frå kva artistar dei ville høyra. Det er nok ein del som synest fem timar er lenge å stå opp og ned, i tillegg var det jo nokre regnbyger laurdag, seier Tore André Sagstad frå Solsiden.

Også på Catten kom gjestane tidleg og folk gjekk til og frå nattklubben og festivalområdet.

– Då rushet kom, i 1-tida, blei det kø ein kort periode. Men folk sto ikkje lenge å venta. Vi hadde ei veldig god helg med fullt hus og null bråk. Eg er glad vi fekk utvida så det ikkje blei for mykje kø utanfor, seier Bjarte Andersen.

Også på Solsiden var det kort kø, men stort sett ingen ventetid på å koma inn.

Stappa alle drosjane full

Os Taxi, som er Osfest-sponsor og kjører alle artistane gratis, hadde organisert nattbussar med samarbeidspartnar Turbuss Vest.

– Den siste ordinære Skyss-bussen til Bergen går klokka 01.30, våre bussar gjekk klokka 02.15 og 03.15 begge kveldar. Den første bussen natt til laurdag hadde 45 passasjerar, dei andre hadde færre. Men Turbuss Vest sponsa tilbodet med billettpris på berre 100 kroner, så vi var ikkje avhengige av å gå i pluss, seier Tor Anders Hauge frå Os Taxi.

På drosjeplassen hadde Os Taxi fleire vaktar i sving, både for å halda orden på køen og for å fylla opp kvar drosje best mogleg. Passasjerar som skulle til Søfteland eller til andre adresser langs E39 mot Bergen blei oppmoda om å ta ein av nattbussane.

– Ingen drosjar fekk kjøra ut av haldeplassen utan at dei var full med folk. Dermed blei det spleiselag og billige turar, og lite kø. Fredagen trur eg ikkje det var nokon som sto lenger enn eit kvarter i kø, laurdagen blei det litt meir.

– Vaktane var på jobb til klokka fem natt til søndag, og dette var nok også konfliktdempande. Vi hadde berre eitt tillaup til slåsting, i tillegg har vi fått fine tilbakemeldingar på at desse organiserte spleiselaga gjorde at det var langt billigare å ta taxi enn piratdrosje.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.