Samferdsle | 05. jan. 2025

– Køyr forsiktig og hugs refleks

Snøkaos rundt Os barneskule fredag morgon fekk rektor til å senda ut ei oppfordring.

– Køyr forsiktig og hugs refleks
PÅ SKULEVEG: Fredag morgon. Foto: Marie Kroka / Midtsiden
Marie Ingeborg Kroka
Marie Ingeborg Krokasundag 05. jan. 2025 14:57

Fredag morgon fekk føresette ved Os barneskule ei viktig påminning frå rektor Laila Aarbakke.

– God morgon! Køyr forsiktig i dag, det er veldig dårlig brøytt rundt skulen. Mange går i vegen. Hugs refleks. Helsing rektor Laila, stod det i meldinga som blei sendt ut.

For mykje snø

Snømengdene i området har ført til utfordringar med framkoma.

Lyse Drift AS har kontrakt på brøytinga av kommunale vegar og fortau i Bjørnafjorden.

– Det blir så mykje snø at vi ikkje er mogleg å få alt vekk – dessverre, sa dagleg leiar i Lyse Drift, Jan Einar Strand, då han blei spurd om status på fredag.

No har eit nytt løyve kome på plass, som kan betra situasjonen.

Prioriterer inngangar og parkering

Det er eigedomsavdelinga i kommunen som har ansvaret for brøytinga på sjølve tomtane rundt kommunale bygg, inkludert Os barneskule.

– Vi prioriterer å brøyta parkeringsplassane og ei stripe inn til hovudinngangane, seier Dag Søfteland, leiar for eigedomsavdelinga.

Arbeidet med brøyting blir utført på dagtid, i vekedagane.

Når klokka hadde ringt inn og elevane satt trygt i klasseromma sine kunne brøytemannskapen gå laus på skulegården. Foto: Marie Kroka / Midtsiden
Når klokka hadde ringt inn og elevane satt trygt i klasseromma sine kunne brøytemannskapen gå laus på skulegården. Foto: Marie Kroka / Midtsiden

Søfteland fortel at kommunen har avgrensa ressursar til dette arbeidet.

– Vi har lite utstyr; ein UTV, ein pickup og ein lett lastebil, opplyser han.

Ekstra laurdagsmannskap

På grunn av dei store snømengdene som er varsla, vil kommunen setta ut eit lite mannskap for å brøyta i helga.

Søfteland fortel at brøytearbeidet alltid inneber ei nøye prioritering av ressursar.

– Pengane vi brukar på brøyting må gå av det ordinære budsjettet til vedlikehald og drift av bygningane, så det blir alltid ei avveging, forklarer han.

Før starten på ei ny veke kan oppfordringa frå rektor Aarbekke vera god å hugsa på for alle som ferdast i trafikken.

Bruk refleks. Og køyr forsiktig, spesielt i område med mykje snø.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.