Lokal | 22. mai 2016

Køyrde utfor i narkorus

Bilførar dømt til 50.000 i bot.

Køyrde utfor i narkorus
Bergen tinghus. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 22. mai 2016 07:26

I 5.30-tida natt til ein måndag i slutten av juni 2014 køyrde ein mann i grøfta på Drange.

Blodprøve tatt i etterkant viste at førar hadde amfetamin og klonazepam tilsvarande over 1,2 promille i blodet.

Han hadde òg cirka to gram amfetamin på seg.

Mannen, som er i 30-åra, familiefar og i fast arbeid, blei sikta for både køyring i rus og oppbevaring og bruk av narkotika.

Sikta møtte i retten og tilsto.

Han blei dømt til 25 dagar fengsel på vilkår og 50.000 kroner i bot. Han må òg tola to år utan førarkort, ei straff som snart er fullbyrda, og må ta full ny førarprøve for å setja seg bak rattet igjen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.