Korona | 12. nov. 2021

Køyrer massevaksinasjon igjen

Tre dagar i neste veke blir det boosterdose i Oshallen.

Køyrer massevaksinasjon igjen
Oshallen blir i neste veke igjen arena for vaksinasjon. (Foto: Ørjan Håland)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 12. nov. 2021 07:06

Onsdag 29. september var siste dag med massevaksinasjon i Oshallen, etter start 27. januar.

I dei to første vekene i oktober blei det gitt ein tredje dose koronavaksine til bebuarane på Luranetunet, ein oppfriskingsdose, eller boosterdose, for å auka og forlenga effekten av dei to første.

Dette er ei anbefaling frå Folkehelseinstituttet (FHI).

Til alle som har fylt 65 år

I neste veke blir det tre dagar med massevaksinasjon igjen, både i Oshallen og i Fjord'n Senter.

Datoane er onsdag til fredag 17. til 19. november og tilbodet går til dei som er 65 år eller eldre.

Koronavaksinen er gratis, men det må bestillast time på nett eller telefon, skriv kommunen.

– Det bør vera eit intervall på minst 6 månader mellom andre og tredje koronavaksinedose.

Dei siste i denne aldersgruppa fekk første dose i slutten av april.

Det er berre Pfizer-vaksinen (Comirnaty) som er godkjent som oppfriskingsdose, og dermed den vaksinetypen som vil bli gitt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.