Reknar med ekstra kraftig influensabølgje i år

Kommunen byrjar vaksineringa i veke 42. Folk i målgruppa får den billig.

«Frå det eine viruset til det neste» skriv kommunen, og informerer om den komande vaksineringa. (Foto: Ørjan Håland)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 02. okt. 2021 10:04

Fredag, to dagar etter siste massevaksinasjon mot korona, kom Bjørnafjorden kommune med informasjon om årets influensavaksine.

«Frå det eine viruset til det neste», vi får influensavaksinen i veke 42 (frå 18. oktober), opplyser kommunen.

– Vi forventar at årets influensabølgje blir ekstra stor på grunn av manglande immunitet i befolkninga etter to sesongar med lite eller inga smitte.

Ingen i målgruppa for influensavaksine treng å ta vaksinen på apotek til fullpris, men kan ta vaksinen i kommunal regi og betaler berre eigendel (kr 50,- og unntak ved frikort).

Målgruppene for influensavaksine er

  • Alle frå og med fylte 65 år
  • Gravide etter 12. svangerskapsveke
  • Barn og vaksne med kronisk lunge- eller hjartesjukdom, diabetes, lever- eller nyresvikt, kronisk nevrologisk sjukdom eller skade, nedsett immunforsvar, svært alvorleg fedme

Spesielle nærkontaktar til risikogruppa:

  • Helsepersonell og andre tilsette i helse- og omsorgstenester som har pasientkontakt
  • Husstandsmedlemmar til immunsupprimerte pasientar

Ekstraordinær målgruppe: Svinerøktarar og andre som har regelmessig kontakt med levande grisar.

Helsepersonell og andre tilsette i helse- og omsorgstenester vil få vaksinen på arbeidsstaden, ved kommunale legekontor (Moberg legesenter og Eikelandsosen legekontor) eller på massevaksineringsstad (Oshallen og Fjord'n senter).

Vaksine tilpassa sjukeheimsbebuarar blir levert midten av november. Då blir det eigne vaksinasjonsrundar på sjukeheimane.

Massevaksinasjon (Oshallen og Fjord'n senter) for alle i målgruppene blir i veke 45.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.