Køyring på islagt vatn – ei lissepasning til vegvesen og politi
KRONIKK: Å melda køyring på islagt vatn til politiet skaper reaksjonar. Det er lett å forstå.


Tidlegare denne veka blei det kjent at Statens naturoppsyn har meldt 21 personar for ulovleg ferdsel i utmark.
Dei skal ha køyrd på isen på Sævellavatnet utan løyve, eit vatn som ligg på kommunegrensa mellom Holmefjord og Tysse i kommunane Bjørnafjorden og Kvam.
Burde politi og vegvesen tatt pause frå anna førebyggande arbeid, for å ta initiativ til køyring på is i periodar forholda er gode nok?
Meir om dette lengre nede.
Då vi delte omtale av saka på Sævellavatnet, kom det 142 emoji-reaksjonar, 38 av dei er sinte ansikt, og 134 kommentarar.
Kommentarfeltet gir samla sett utelukkande, eller nesten utelukkande, sympati til sjåførane og kjeft til naturoppsyn og politi.
Her er nokre av innspela.
Kjell E. Moberg: Det hadde holdt i massevis med advarsler. Bøter er helt fullstendig unødvendig i dette.
Gunnolf Lyngås: Anmeldt? Ta dere sammen, dette er sunn ungdom
Alis Mjelde Strand: Det må da være helt supert at ungdom får øvd seg på isen! Vil tippe dei blir bedre sjåfører av å få testa bilen
Geir Myrvang: Skjønna fan ikje ka problemet er. Da må no førr fan vær mykje sunnere å beire før ungdommen å kos c med en sånn vinteraktivitet, enn å sett klistra frem for spille skjermen eller finn på anna fanskap.
Eirik Rosvold: Å kjøre på islagt vann på Vestlandet er en flott vinteraktivitet som kombinerer kjøreglede, mestring og læring. Det gir sjåfører bedre kontroll på glatt føre, samtidig som det skaper samhold og liv i lokalmiljøet i vintermånedene.
I stedet for forbud burde dette vært lovlig under trygge og tydelige rammer, som krav til istykkelse og sikkerhet. Regulering gjør det tryggere – forbud gjør det bare mer uorganisert. La oss bruke naturen vi har, på en ansvarlig og positiv måte
Lett å få løyve?
Same dag som vi omtalte det som truleg var ulovleg køyring, fekk Os MC & MX Klubb løyve til å køyra på isen.
Løyvet gjeld naturlegvis berre dei med lisens, og på to hjul.
I går var dei i gang.
Dette har Os MC & MX Klubb gjort før.
I 2013 fekk dei løyve, i 2014 gav eit samrøystes plan- og bygningsutval i Os ei prinsipiell tilslutning til at administrasjonen kunne behandla søknad år for år.
Derfor var det rimeleg raskt å få løyve også i 2021 og i 2026.
I samband med saka på Sævallevatnet uttaler politiadvokat Sigrid Sulland at mange ikkje visste at det var ulovleg å køyra på isen.
Om ho tar dette med i totalbildet då ho skal bestemma om alle får bøter, er uvisst.
Christoffer Soltvedt i Kvam Motorsportsenter i Norheimsund har eit poeng i sitt innlegg i Os & Fusaposten. Der skriv han blant anna:
«Sjølv om aktiviteten som føregjekk på det vatnet ikkje er formelt arrangert eller har profesjonelle aktørar involvert, betyr det ikkje at deltakarane er uvitande eller uforsvarlege. Når slike miljø samlast, finst det ofte ein uformell, men reell tryggleik. Det vil seia at folk passar på kvarandre, held oversikt og sørgjer for at vaksne og barn ikkje kjem for nær område der køyretøy er i aktivitet».
Det er vanskeleg å sjå for seg at ingen på isen forsto at dei burde søkt om løyve. Samtidig går det an å forstå at ikkje alle tar seg tid til det formelle.
Vi bur på Vestlandet, der det kan ta fleire år mellom kvar gong isen er tjukk nok – og det er stor sjanse for at isen smeltar mens du ventar på svar.
Det er likevel klart at du, når du vil køyra på is, bør finna deg i litt papirarbeid og struktur.
Os MC & MX Klubb har rigga seg for raske svar. Men det handlar ikkje berre om løyve, dei tar ansvar.
Ingen aktivitet er heilt fri for risiko, til og med ikkje motorsport.
Klubben har tryggleiksleiar på staden, førstehjelpsutstyr, utstyr til berging i vatn og utstyr til å absorbera eventuell bensin eller olje, om lekkasje skulle oppstå.
Burde politi og vegvesen tatt initiativ?
Førre vinter blei motorsportplanar i Samnanger nedstemt i kommunestyret, i 2020 skreiv TV 2 om investering på 119 millionar i nytt motorsport-anlegg på Dalane i Rogaland. Publisert 25.06.2020
Eit islagt vatn er potensielt ein gratis bane, i motorsport-perspektiv verdt millionar av kroner.
Men også i trafikktryggleik-perspektiv kan eit islagt vatn vera svært verdifullt.
Farbar is, og engasjement for køyring på islagt vatn, er ei lissepasning til politi og vegvesen.
Elles i året «løper dei etter» ungdomen, nokre gongar i blinde, i forsøk på å nå fram med bodsakapen sin.
Her kunne dei berre sagt «køyr», så hadde dei vore omringa. Det ville vore duka for gode samtalar, utdeling av brosjyrar og starten på tettare dialog med målgruppa.
Samtidig som ungdomane kunne fått noko så unikt som mengdetrening på glatt føre.
Når 17-åringane går på trafikkskule får dei seg ein time på glatt bane, gjerne delt med fleire elevar i same bil, ei kostbar økt som gir svært kort erfaring.
Så kjem snøen. Er dei uheldige og køyrer utfor eller i hekken på ein annan bil, heng det ferske førarkortet i ein tynn tråd.
Både politi og vegvesen bruker pengar og andre ressursar på førebygging og meir eller mindre vellykka reklamekampanjar.
Det er vanskeleg å vega tiltak opp mot kvarandre, men det skal truleg ikkje mykje til for at eit samarbeid på trygg is kunne blitt fruktbart – at dei ville fått mykje god førebygging for innsatsen.
- Vegvesenet kontrollerte 640.000 tunge kjøretøy i Norge i fjor. 1700 (0,26 prosent) hadde dekk under minimumskrav, men berre 73 av dei (0,011 prosent) fekk bruksforbod på grunn av manglar knytt til dekk og kjetting, ifølgje vegvesenet sin rapport for 2025.
- Kunne vegvesenet ha flytta seg frå kontrollplass til is i ei veke eller to, for å møta ungdom og vaksne mens dei øver?
- Kva om politiet droppa ei økt med TikTok-video-produksjon eller bordtennis på ungdomsklubbar for å engasjera seg i trafikktryggleik på isen?
- Det kunne, for eksempel, vore kvar sine økter for motorsportutøvarar og vanlege trafikantar, gjerne saman med NAF og Trygg Trafikk.
- Ubrukte midlar frå varme vintrar kunne blitt overført til neste år, eller til andre tiltak.
Heftet «Lokal ulykkesforebygging – systematisk og tverrfaglig arbeid (PDF)» er utarbeidd av Vegdirektoratet, Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap, Helsedirektoratet, Utdanningsdirektoratet, Sjøfartsdirektoratet og Skadeforebyggende forum.
Lokale tiltak blir sett på som avgjerande, og heftet ramsar opp fem punkt som må innfriast for å lykkast.
Det må vera forankra i kommunen sine planar, det må vera kunnskapsbasert, i samarbeid mellom ulike organisasjoner, målretta og med lokalt engasjement.
Klimaet vi har på Vestlandet gjer at hastverk uansett vil prega prosessen, du treng svar mens isen framleis er farbar.
Derfor bør første steg vera, uavhengig av kven som tar initiativet og kva vatn du vil køyra på, å sørgja for at administrasjonen kan ta avgjerda (utan avtemming i neste politiske møte). Sånn Os MC & MX Klubb har fått på Ulvenvatnet.









