Lokal | 13. nov. 2014

Krangel og kollisjon etter forbikjøring

Ei forbikjøring på Byvegen enda med full stopp og diskusjon før forbikjøraren rygga inn i motparten og stakk frå staden.

Krangel og kollisjon etter forbikjøring
(Ill foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 13. nov. 2014 08:20

Onsdag i 22.15-tida oppsto det ein situasjon etter ei forbikjøring på E39 Byvegen retning Os.

– Førar av ein bil som blei forbikjørt reagerte på forbikjøringa og blinka med lysa. Etter å ha kjørt eit stykke stoppa begge bilane opp og dei to hadde ein diskusjon, fortel politibetjent Thomas Juulseth.

Etter krangelen rygga han som hadde kjørt forbi inn i motparten sin bil før han kjørte frå staden.

Politiet blei varsla og fekk godt signalement på førar og bil.

– Vi fann førar heime og tok beslag i førarkortet hans.

– Dei to har ganske ulike forklaringer, men det er oppretta sak på episoden, fortel Juulseth.

Begge dei involverte er menn i 30-åra frå Os.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.