Sport | 24. juli 2012

Kremfiske i Kremretten

Både Adrian Valle og Kenneth Sjøholt med storfangst.

Kremfiske i Kremretten
Kremretten x 2: Adrian Valle sin fangst på 7,4 kilo til venstre, Kenneth Sjøholt med sin laks på 7,8 kilo til høgre. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 24. juli 2012 06:56

Høg elv skapte stor aktivitet langs Oselvo søndag og måndag.

Måndag formiddag fekk 11-åringen Jørgen Finne Kuven ein laks på 5 kilo i sone 3.

Måndag ettermiddag fekk Adrian Valle ein laks på 7,4 kilo. Den blei tatt i Kremretten klokka 18.

Valle er ikkje den einaste som får stor fisk i Kremretten desse dagane, søndag sette Kenneth Sjøholt ny personleg rekord då han halte i land ein laks som vog 7,8 kilo etter at den var tappa for blod.

Fisken, som var 93 cm lang, kjempa i 45 minutt før den blei tatt på land i 19.30-tida.

Ifølgje prohd.no tok dessutan Yngve Drange ein laks på 4,8 kilo i Bergstøvatnet søndag.

Lars Ove Haukeland tok to tert på 2,5 og 2,3 kilo i Søftelandselvo.

Det ser ut som om Petter Spjell Røttingen framleis har sesongens største. Han tok ein laks på 8,5 kilo i sone 2 på dagtid opningsdagen.

Midtsiden samleside: Jakt og fiske

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.