Krev at regionreforma blir avslutta
Hordaland SV: Den havarerte samanslåinga av Finnmark og Troms syner at den såkalla regionsreforma er ein fiasko.
Fylkestyret i Hordaland SV har vedteke å krevja at regionreforma blir avslutta.
– Den havarerte samanslåinga av Finnmark og Troms syner at den såkalla regionsreforma er ein fiasko. Reforma er påtvungen mot folkeviljen og ikkje som eit resultat av eit folkekrav, skriv Hordaland SV i ei kort pressemelding signert gruppeleiar Aud Karin Oen og leiar Gina Barstad.
Hordaland SV merker seg at statsråden og regjeringa endeleg tek til vit og har legge samanslåinga av dei to nordlege fylka på is. Dette må få konsekvensar for regionsreforma. Hordaland SV krev at heile reforma vert avslutta.
Eit minstekrav er at samanslåinga vert sett på vent til det er avklara kva nye og større oppgåver dei nye regionane skal ha.