Lokal | 20. mars 2014

Krimauke i Os

Talet på registrerte straffesaker hos politiet i Os auka med over 15 prosent i 2013.

Krimauke i Os
Rune Fimreite, Audun Hadler-Olsen og Oddbjørn Dyrdal presenterte kriminalstatistikken for 2013 (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 20. mars 2014 14:49

Torsdag inviterte lensmann Oddbjørn Dyrdal, saman med politioverbetjent Audun Hadler-Olsen og politiførstebetjent Rune Fimreite, lokalpressa til ein gjennomgang av kriminalstatistikken for 2013.

– Totalt har vi registrert 652 brotsverk og 383 forseelser i løpet av året som har gått.

– Det er ei auke på 15,6 og 29,3 % samanlikna med tala frå 2012, fortel Hadler-Olsen.

Tap og tjuveri av 50 kjennemerke

Til samanlikning viser den totale mengda for heile Hordaland politidistrikt ei auke på 1,9 og 5,8 % i same periode.

– Noko av årsaka til auka kan vera at vi no registrerer alle tap av kjenneteikn på køyretøy som eigne saker. I fjor utgjorde det 50 saker aleine.

– Dette gjer vi for at skilt på avveie ikkje skal kunna misbrukast og at vi gjennom registreringa kjappare får dei opp i systema våre.

– Statens vegvesen har i tillegg innført ei ordning kor, om du melder eit skilt tapt, får eit heilt nytt registreringsnummer i staden for eit nytt skilt med same nummer, supplerer Fimreite.

I tillegg trur politileiinga det at du no kan levera anmeldelser på nett og at folketalet i Os veks er med på å forklara auka.

Stel i det offentlege rom

– Vinning utgjer rundt 50 % av det totale bildet av kva vi jobbar med på lensmannskontoret, fortel Dyrdal.

I 2013 er det registrert 11 tilfelle av grovt tjuveri, 12 tjuveri av syklar, 18 tjuveri frå butikk, 12 tjuveri frå leiligheiter og 10 tjuveri frå einebustadar.

– Eit område vi generelt ser ei auke på er tjuveri frå personar på offentleg stad.

– Eg vil på det sterkaste anmode folk om å passa betre på tinga sine når dei er ute på restaurantar og andre plassar.

– Ikkje la mobil og pengebok ligga lett tilgjengeleg på bordet, oppmodar lensmannen.

– Korleis opplever de at osingane er blitt til å låsa dørene heime?

– Det er vel ein åtte år sidan vi meir aktivt gjekk ut og oppmoda folk til å vera meir påpasselege med dette.

– Eg håper og trur folk har blitt flinkare, men framleis har vi ein veg å gå i høve til òg å låsa garasjeporter og å setta syklar, grasklipparar og anna innomhus, fortel Fimreite.

– Særleg i fjor sommar og haust fekk vi mange telefonar om mistenkeleg åtferd rundt hus. Det kan vera verdt bryet å også låsa garasje og bod.

– Politiet opplever vel og meir mobil vinningskriminalitet, kor kriminelle har organisert seg ved at nokre er ute og rekognoserar, før andre kjem og gjer sjølve lovbrotet, supplerar Dyrdal.

– Som eit bilde på dette kan vi jo nemna saka kor vi stoppa mobile kriminelle på Amfi.

– Der fann vi ferdige pakkelappar kor dei oppgav at dei skulle sende sengetøy, mens dei i realiteten sende tjuvgodset som stort sett var IT-relatert utstyr ut av landet, skyt Hadler-Olsen inn.

Økonomisk kriminalitet

Totalt 23 (22) brotsverk og 2 (4) forseelser.

– Desse sakene handlar gjerne om brot på rekneskapslova, ofte er det at dei manglar rekneskap, innbetaling av skatt eller mva, i samband med at bedrifta byrjar å gå dårlegare og at ein konkurs nærmar seg.

– Ved ein konkurs blir det oppnemnt ein bustyrar som melder til oss om dei opplever lovbrot i samband med konkurshandsaminga.

Fleire trugslar

Totalt handsama lensmannskontoret 80 valdssaker i fjor (75 året før).

– Vi opplever vel at det er fleire trugselsakar no enn før.

– I fjor registrerte vi 31 slike. Dei kan komma via telefon, ansikt til ansikt eller gjennom andre kanalar, som til dømes facebook.

Lensmannskontoret har òg registrert 6 familievaldsakar, noko som er ein liten nedgang frå tidlegare, 25 lekemsfornærming, 5 tilfelle med vald med skadefølgje og 3 saker med vald mot offentleg tenestemann.

Valdtekt og kjøp av sex

Frå 2012 til 2013 har politiet i Os registrert ein nedgang på 34,3 % av saker kategorisert som sedelighetssakar.

– Det er ein gledeleg nedgang i særs alvorlege saker.

– Likevel vil vi koma med ei klar oppmoding no når det nærmar seg vår og russetid; ta vare på kvarandre når de er på fest, seier lensmannen.

Innan kategorien har politiet registrert
• 8 sakar med seksuell omgang/handling med barn under 16 år
• eitt forsøk på valdtekt
• 2 valdtekter
• 3 saker med misbruk av stilling for å få seksuell omgang
• 2 tilfelle av uønska seksuell åtferd
• eitt tilfelle av incest
• eitt tilfelle av kjøp av seksuelle tenester

– Dette er tunge saker å jobbe med.

– Dei er omfattande, tidkrevande og fortener ein grundig jobb både av omsyn til offeret, men også av hensyn til den som er skulda for overgrepa.

– I mange tilfelle er det ord mot ord, og lite konkrete bevis. I nokre tilfelle er mistenkte også uskyldig.

Åtvarar mot syntetisk narkotika

99 narkotikasaker blei registrert i 2013. 2 tilfeller av brot på straffelova sin paragraf 162, 2. ledd som har ei strafferamme på 10 år. Dei øvrige fordelar seg omlag likt mellom brot på straffelova 162, 1. ledd og legemiddellova om bruk og innehav av narkotiske stoffer.

– Dette er saker vi stort sett må ut og finna sjølv.

– Statistikken held seg ganske stabil på dette området, men vi har likevel auka innsatsen mot dei yngste, for å hindra nyrekruttering, og mot foreldre som rusar seg.

– Cannabis og amfetamin går igjen, men vi er uroa over produksjon og bruk av syntetiske stoffer, som syntetisk hasj. Dette er meir skadeleg enn tradisjonelt stoff.

– Brukarane importerer gjerne delpreparater og lager stoffet sjølv, både i pulver og flytande form.

– Når dei så blandar dette for å røyka det eller på innta det på andre måtar, har dei ikkje kontroll på styrkeforholdet.

– Risikoen for overdoser meiner vi er stor og vil difor ropa eit kjempevarsko, seier lensmannen.

37 mista lappen

Heile 65,9 % auke innan trafikksaker.

– I 2012 hadde vi to saker som gjekk på hastighet, no har vi registrert 37.

– Mykje av den auka kjem takka vere UP, som vi har eit utruleg godt samarbeid med.

– I tillegg har publikum blitt flinke til å ta kontakt når dei har mistanke om køyring i rusa tilstand.

– Vi vil jo ikkje utsetta oss sjølv og andre for unødig risiko i trafikken, seier Dyrdal.

37 blei meldt/fekk førarkortet beslaglagt for fart, 36 blei tatt for køyring uten førarkort, 24 i påvirka tilstand, 9 ulykker med personskade, 15 ulykker med materielle skader, 14 brot på køyre/kviletid og 21 tilfeller av uaktsam køyring.

Ein har òg registert 46 tilfeller av skadeverk, 14 mot bil, 3 mot buss og 7 tilfeller av ruteknusing.

– I høve ruteknusing så er det ein nedgang. Der har det vore gjort tiltak med lys rundt skulane som nok har hatt ein positiv effekt, konkluderer Hadler-Olsen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.