Lokal | 19. feb. 2016

Krimstatistikken frå 2015

Os lensmannskontor har auka oppklaringsprosenten til 47,7 prosent. Vald i heimen krev meir ressursar enn før.

Krimstatistikken frå 2015
Frå venstre: Lensmann Oddbjørn Dyrdal, politiførstebetjent Rune Fimreite og politioverbetjent Audun Hadler-Olsen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 19. feb. 2016 08:45

Torsdag fekk pressen servert Os lensmannskontor sin statistikk for fjoråret.

Sivilstatistikk: Berre velstand i Os?

Mens snittet i Hordaland er på 38,3 prosent har Os lensmannskontor auka frå 46,3 til 47,68 prosent frå 2014 til 2015.

– Tala fortel ikkje alt. Har du fokus på trafikk eller høg aktivitet mot eit narkotikamiljø så blir oppklaringsstatistikken høg, er det eit år med mange sykkeltjuveri så går gjerne statistikken ned, har politiet tidlegare forklart.

For 2015 ser vi at det meste går tilbake, og størst tilbakegang er det nettopp innan narkotikasaker, frå 147 i 2014 til 91 i 2015.

– Det treng ikkje bety at det er mindre narkotikabruk i Os enn året før. Vi har hatt fleire tyngre og meir tidkrevjande saker, seier lensmann Oddbjørn Dyrdal.

STATISTIKK FOR 2015 (2014 i parantes)
Økonomi: 29 (25)
Vinning: 283 (303)
Vald: 66 (82)
Sedeleg: 21 (25)
Narkotika: 91 (147)
Skadeverk: 31 (45)
Miljø: 2 (1)
Arbeidsmiljø: 4 (-)
Trafikk: 218 (206)
Anna: 155 (169)
Undersøkelsessaker: 41 (37)
SUM: 941 (1039)

Les òg statistikk for 2014 og 2013.

Mykje rus i trafikken

Os lensmannskontor kontrollerte 3.632 førarar i trafikken i fjor, noko som er ei auke på rundt 300.

Mengda bilistar tatt i påverka tilstand har auka frå 42 til 50.

– Fleire av desse er tatt takka vera tips frå publikum. Mange av dei er utanlandske statsborgarar.

– Vi kjem til å halda fram med å prioritera trafikktryggleik, og her får vi heldigvis god hjelp av folk som viser at dei ikkje vil ha denne typen trafikantar på vegane i Os, seier politiførstebetjent Rune Fimreite.

Mishandling av familiemedlemmar

Trugslar har gått ned frå 22 til 6, lekamsbeskadeligelse og- fornærming, som no er omdøypt til kroppskrenkelse og -skade på politispråket, har samla sett gått ned frå 46 til 32.

Saker som handlar om familieforhold har auka frå 6 til 13, der mishandling med kroppsskade utgjer den største auka.

– Frå 1. oktober kom også skjerpa frister for gjennomføring av avhøyr. Dette er saker som frå før krever mykje tid, no er dei òg i auka omfang og krev meir ressursar.

– Vi gjennomfører det meste av etterforsking internt, også tilrettelagte avhøyr, berre born under 4 år krev assistanse frå Barnehuset i Bergen, seier politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Del av ein pornoring

Seksuallovbrot går ned frå 25 til 17.

Krenkande åtferd utgjer ein stor del av dette og går ned frå 12 til 7, men det er òg nedgang innan valdtekt og seksuell omgang med born, der talet samla sett i ulike kategoriar går ned frå 10 til 4.

Brot på hallikparagraf gjekk opp frå 0 til 1, pornografi-saker gjekk opp frå 0 til 3.

– Her var det tre personar som blei tatt i samband med ein større, riksdekkande aksjon der det blei avdekka eit nettverk desse var ein del av, opplyser Dyrdal.

Mindre vald

Det kan sjå ut som om osingane har blitt flinkare å oppføra seg når dei er ute blant folk.

– Dei siste åra har det vore ein del reaksjonar på folk som ikkje har retta seg etter pålegg frå politiet, for eksempel om dei ikkje held seg unna om vi snakkar med partane i ein konflikt i Os sentrum på natta. Nokre av desse har òg blitt straffa.

– Kanskje dei no har forstått at det er alvorleg å ikkje retta seg etter slike pålegg, og at tidleg innsats og det å senda folk vekk frå sentrum har hindra vald og forelemping av offentleg tenestemann.

1 innbrot i fjor - 5 til no i år

Vinning er òg noko som går ned, simpelt tjuveri frå 160 til 139, grovt tjuveri frå 37 til 10.

I 2015 var det 1 grovt tjuveri (innbrot) i einebustad, til no i år er talet allereie oppe i 5.

Tjuveri frå båt, for eksempel påhengsmotor eller utstyr, gjekk ned frå 12 til 5.

Tjuveri av bil gjekk ned frå 10 til 4, tjuveri av båt auka frå 3 til 4, tjuveri av mc og moped auka frå 2 til 3.

Ran gjekk ned frå 4 til 1, skadeverk gjekk ned frå 40 til 24

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.