Lokal | 08. juli 2009

- Kumlokket dansa

Lynet slo ned i skogen og ei vassøyle sperra delar av Industrivegen i uvêret tysdag ettermiddag.

- Kumlokket dansa
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 08. juli 2009 00:51

Bildeserie:

1 av 2

I 17.30-tida tysdag var det lyn og kraftig regn over Os.

- Ei vassøyle sperrar vegen og kumlokket står og dansar, skreiv ein midtsiden-lesar i ei tekstmelding til redaksjonen.

Kvinna kjørte bil i Industrivegen, og fortalte at ho måtte svinga rundt kummen nær rundkjøringa for ikkje å treffa kumlokket.

Då midtsiden.no kom til staden fossa det framleis vatn opp kummen, men lokket låg fint på plass.

Lynet slo ned

- Vi har ikkje fått melding om nokre form for problem, men er førebudd på at det kan koma, sa brannvakt Gunnar Hatlelid like før uvêret roa seg.

- Eg såg lynet slo ned i skogen på Bøkampen, men det byrja heldigvis ikkje å brenna i det tunge regnvêret, la han til.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.