Lokal | 31. des. 2015

Kundeservice og betaling

Lesarinnlegg: Om henting av jule-bosset og betaling av avgift i forhold til kva du får.

Kundeservice og betaling
(Ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 31. des. 2015 07:17

Om henting

Torsdag 24. desember var hentedag for papir og plast. Dette var annonsert utan unntak for jula. Men ingen bossbil kom.

Les Bir sitt svar

Måndag 28. desember sendte eg e-mail til BIR og spurde om når tid papir og plast vart henta. Ingen svar.

Neste dag, 29/12 ringde eg og fekk som svar at me omgåande skulle få melding pr telefon eller e-post. Ho måtte berre kontakta transportøren først. Ingen svar.

Onsdag 30/12 ser me heilt tilfeldig at bossbilen er på veg. Me fekk kontakt med sjåføren og fekk levert. Men ein telefonrunde til naboar viste at ingen hadde fått melding om henting.

Om bossug

Alle i Os betaler avgift for bossug.

Det prinsippielle er, slik eg oppfattar det, at ei avgift er betaling for ei teneste du har – eller skal få. Då vert spørsmåla:
• Kor tid får me i Os bossug ?
• Kor tid får dei som bur i Øvredalen, på Midtsæter eller på Gåssand bossug ?
• Har BIR lovleg heimel for innkrevjing av denne avgifta ?
Det siste spørsmålet burde vore rettsleg prøvd.

Jan Gaassand

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.