– Kunne fått fatale følgjer
Tjuvar stal batteriet på brannbåten «Unik». – Heldigvis var det ikkje eit livskritisk oppdrag vi skulle ut på no, seier Gitle Smaadal.
Bildeserie:
Søndag kveld klokka 18.30 var sist brannvesenet nytta redningsbåten «Unik». Då dei fekk eit nytt oppdrag tysdag oppdaga dei at nokon hadde stole batteriet i båten som låg fortøyd på Halhjem.
– Det må ha skjedd ein eller annan gang i perioden frå vi fortøyde båten søndag kveld til vi kom her no, seier Gitle Smaadal og Hans Marius Hauge i Os brann- og redningsvesen.
Kunne gått liv
Dei to var blitt kalt ut for å hjelpe ei svane i Øyane, men måtte utsetta oppdraget tysdag formiddag.
– Heldigvis var det ikkje eit livskritisk oppdrag kor det sto om sekund no, men det kunne det fort ha vore. Dei har ikkje tenkt seg mykje om, dei som har stole batteriet.
– Dette kunne fort fått fatale følgjer, slår dei to fast.
Heldig at butikken var open
Utan batteri måtte dei to brannmenna returnera til Os for å skaffe eit nytt.
– Det var no flaks oppe i det heile at det skjedde på dagtid når butikkane var opne. Tenk berre om det hadde vore på kvelds- eller natterstid med alt stengd. Det hadde blitt ein god del meir styr då, kommenterer Smaadal medan han monterer ny batteriklemme og det nye batteriet.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.